Det jødiske folket har vore i Ungarn i 2000 år. Dette er såkalla askenasiske jødar som, slik eg har forstått det, under store trengsler flykta ut frå Israel og inn i Europa via Russland. Desse jødane har hatt ein heilt uvurderleg betydning for utvikling av europeisk kulturliv, vitskap, økonomi og politikk. Mendelson, Spinosa, Disraeli, Einstein og Bohr var alle jødar. Det jødiske samfunn i Ungarn tel i dag kun 48000 personar. Under 2. verdskrigen vart dei, som jødane elles i Europa, kraftig desimert gjennom Holocoust. Det er ingen registrerte truande kristne jødar i Ungarn.
Bøn: "Gode Far! Sjå i nåde til den delen av paktsfolket ditt som bur og lever i Ungarn. Verna dei mot menneske som vil dei vondt. Læk dei for alle sår som holocoust påførte dei. Tal til dei gjennom Skriftene, og hjelp dei å sjå og godkjenna Jesus som Messias og som Guds einborne Son. Lat ljoset ditt stråla inn i hjarto deira slik at dei forstår at dei ikkje kan bli rettferdig for deg ved lovgjerningar og ritualer, men berre ved å stola på Jesus. Aus Anden din ut over dei i samsvar med dine lovnadar, og fød dei på nytt ved ditt vidunderlege ord. Send dine betrudde og åndsfylte vitner til dei som kan demonstrera din godleik for dei gjennom undervisning, bøn og gode gjerningar. Amen!"
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Terroraåtak i Magdeburg i Tyskland
Som sikkert alle har fått med seg har ein saudiarabisk lege i Tyskland valt å køyra full fart med bil inn i ein julemarknad full av folk....
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Den ugandiske evangelisten Richard Malinga (36) vart drepen av den 17.juni medan han forkynte Guds ord for muslimar aust i landet. Han var p...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar