
Zaza Dimli tel over ein millionar menneske, dei snakkar sin eigen kurdiske dialekt, og lever i det grøderike område der Eufrat og Tigris har sine utspring. Der dyrkar dei korn og grønsaker og held husdyr.
Som alle andre kurdarar er dei undertrykte både politisk, språkleg og kulturelt. Kan nemna at for å halda folket nede sørger styresmaktene for at dei ikkje ein gong får gå på skule for å læra seg å lesa, skriva og rekna. Dette er den mest effektive form for politisk kontroll av folkegrupper som finst. Men det mest alvorlege likevel er at dei ikkje kjenner Jesus og den frelse og fridom som berre han kan gje oss menneske. Kunnskapen til frelse er det berre Guds kyrkje som kan gje dei, og me har så langt ikkje funne nokon grunn til å anstrenga oss i så måte.
Religionen deira er ei blanding av islam og den gamle persiske trua som vart forkynt av Zaratustra. Difor vert dei ikkje godkjende av vanlege muslimar.
Bøn: "Å Herre, du som kjenner og elskar alle folk. Sjå i nåde til Zaza-Dimlikurdarane, og send dine vitner inn i deira områder for å dela evangeliet om Jesus med dei. Hjelp oss som trur på deg til å dra omsorg også for denne folkegruppa, og for heile det kurdiske folket. Å Gud, opna vegar for oss, og gjer oss viljuge til å gå dei. Me ber om frelse og fridom for desse menneska. Amen!"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar