Jebala-arabarane i Marokko er etterkomarar etter dei arabiske stammene som invaderte Nord-Afrika i det 7. hunderåret. Dei bur langs kysten av Marokko, delvis ut mot Middelhavet og delvis mot Atlanterhavet. Dei er for det meste bønder som dyrkar mange ulike vekstar i dette grøderike området av landet: tomater, poteter, bønner og peanøtter, samt druer, oliven, appelsiner, fersken og pærer. Husdyr: kylling, geiter og sauer.Folketal: vel 1 million
Jebala-arabarane er muslimar og er rekna som unådde med tanke på evangeliet.
Herre, eg ber om at du skal opna dørene for evangeliet i Marokko, at gode evangeliske verktøy skal bli omsett og gjort tilgjengeleg på Jebala -arabisk og at du viser deg for Jebala-arabarane som Vegen, Sanninga og Livet. Mjuk opp hjarto til desse menneska og skap lengsel etter frelse i dei, og særleg ber eg om at nokre av dei respekterte leiarane deira skal bli frelst. Løys Jebalaane frå åndsmakter som har halde dei bundne i mange generasjonar, og eg ber om at di kyrkje skal etablerast som eit bruhovud for ditt rike i dette folket. Amen
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar