Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
tirsdag 31. desember 2024
Taga i India
søndag 29. desember 2024
Forfølging i India: Deportasjon av kristne
Den 17. november vart vedtok leiarane i 8 landsbyar i Sukma, eit distrikt i delstaten Chattisgarh at dei kristne i desse samfunna anten måtte konvertera til hinduismen eller forlata gard og grunn. Sjølv om dette er i strid med deira konstitusjonelle rettar, vil ikkje politiet føreta seg noko som helst for å stoppa uretten. No er det framande som haustar avlingane til dei kristne. 40 kristne har no søkt tilflukt i landsbyen Michwar.
India er delt inn i 25 delstatar. I 23 av dei opplever kristne aukande forfølging.
Kjelde: vomcanada.com
Be om at dei kristne i dette området skal få menneskerettane i varetekne av indiske domstolar.
Be om at dei må stå faste i stormen som kjem over dei.
Be om at dei skal få erfara Guds spesielle omsorg i denne trengseltida.
Be om at dei ikkje skal bli redde, falla frå eller tapa frimotet sitt.
Dagens unådde folkeslag: Dhangar Bharwad
Kvam i Vestland
Dei ufødde barna
Også i dag ber me om at alle ufødde barn skal overleva tida i mors liv. Me ber om at abortlova skal bytast ut med ei livsvernlov, og at alle unnfanga barn skal få leva lange og gode liv.
Slekt, vener og kollegaer av politikostabel Markus Botnen
25 år gamle politikonstabel Markus Botnen mista i går natt livet i ei skuddveksling med ein mann i 40-åra i Klepp i Rogaland. Mannen det det gjeld hadde væpna seg for å ta eit oppgjer med ein annan (truleg ein slektning) då han vart stoppa av politipatruljen til Markus som vart dødeleg såra då han skulle kontrollera bilen. Og for å sjå det frå den synsvinkelen: denne natta gav Markus Botnen livet sitt for å beskytta ein han ikkje kjende. I så alt for ung alder fullførte han samfunnoppdraget sitt med det ultimate offer. Tilbake sit mange i djup sorg. Drapsmannen mista også livet.
Gode Far i himmelen! Dette gjer så forferdeleg vondt, til og med hos oss som står på avstand. Ver snill og hald godt rundt familien, venene og kollegaene hans. Må denne unge mannens død bli ein vekkar for folk som ikkje klarar å kontrollera sinne sitt slik at dei ikkje lenger tek fatale beslutningar, og me ber i Jesu namn om beskyttelse over alle politifolk som opererer i førstelinja i dette landet. Me ser at brutaliteten aukar i landet vårt. Det gjer oss urolege, og me ber i Jesu namn at dei kriminelle miljøa som no veks fram som sopp om hausten skal visna bort, at nettverka deira skal løysast opp og at politiet skal få naudsynte ressursar til å avsløra lovbrot, fengsla bakmenn og få dei dømde. Det ber me om i Jesu namn. Amen!
mandag 23. desember 2024
Kristne i Nigeria ventar nye dødlege åtak mot kyrkjene sine denne jula
Me førebur oss alle til jul. Det er baking og vasking opp og i mente. Men i Nigeria ter det seg ganske på ein annan måte. Der veit dei kristne at det vil koma åtak på kyrkjer og gudstenester frå Boko Haram eller islamistiske fulanikrigarar. Når ein kristen i Nigeria går til kyrkja si for å feira Jesu fødsel, veit han at dette kan vera det siste han gjer. 80% av drap på kristne i verda skjer i Nigeria, og ikkje få av dei livet mister under dei store kristne høgtidene, dvs jul og påske. Det betyr for desse truande at dei denne jula, som så ofte før, førebur seg på å møta vald, kidnappingar, og martyrium. Nigerianske styresmakter syner liten interesse i å beskytta dei sårbare kristne samfunna. Det er berre eit faktum.
Kjelde: Mission Network News
Be om at dei kristne i Nigeria skal finna håp og lys i evangeliet og i samfunnet med Jesus og kvarandre, og be om at Gud skal sørga for dei og passa på dei denne jula så dei kan koma seg heilskinna gjennom høgtida.
Be også om at dei truande modig skal vitna om Jesus i tida som kjem, og om at kristne frå dei trygge områda i nord skal kallast av Gud til å vera til hjelp for sine kristne søsken som bli forfølgde i nord.
Be også om at dei kristne i sør skal kallast til misjon i nord der hausa, fulani og Boko Haram rår grunnen.
Be om at nigerianske styresmakter må ta sitt ansvar for å beskytta dei kristne i landet mot overgrep.
Keep the faith alive in me
Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Kong Harald 1937-2026 Gode Far i himmelen! Takk for alt du gav oss nordmenn gjennom kong Harald. Han var så omtenksam, humørfylt, trufast,...