lørdag 4. juni 2011

Kristen kvinne arrestert i Darfur for bibelspreiing.

Hawa Abdalla Muhammad Saleh vart arrestert 9.mai i Darfur for å ha oppbevart og distribuert biblar til folk i ein leir for "internt omplasserte personar" i Al Fashir. Ho kan bli tiltala for apostasi (fråfall), og for slikt er det dødsstraff i Sudan. Ingen veit i dag kor Hawa er, men ein er med god grunn redd for at ho er under tortur.

Herre Jesus! Hjelp Hawa å tola og bera det ho gjennomlever akkurat no, ver ho nær, pass på ho og lat ho etter kvart få fridomen sin attende. Takk for det motet som ho viser i kampen for evangeliet, reis opp mange kvinner og menn i Sudan som liknar på henne. Amen!

torsdag 2. juni 2011

Jahanka i Gambia

Jahanka er spreidd over fleire land i Vest-Afrika. 4000 av dei er å finna i Gambia. Dei tilhøyrer det muslimske presteskapet i regionen, og står både for ritualer, misjon og religiøs opplæring. Dei driv også jordbruk ved hjelp av unge menn som jobbar for opplæring. Jahanka har forlete jihad og er heilt gjennom pasifistiske. Det er ingen bibeldeler som er omsett til jahanka, men dei del av evangelia er innlest på lydfiler.
Dei er stolte over det religiøse kunnskapsnivået sitt, og det representerer ei hindring for evangeliet.
Det er registrert nokre få truande kristne mellom dei. Kjelde: joshuaproject.net

Herre Jesus! Me ber om at jahanka skal møta deg gjennom Koranlesinga slik at dei kan sjå og forstå at du tronar høgt over Muhammed og alt og alle. Dei treng å sjå di stordom. Møt dei gjennom draumar og visjonar, og gje dei mot til å be til deg når dei kjem i vanskar så dei kan få erfara både di makt og din godleik. Løys dei frå religiøs stoltheit, og gjer dei små og audmjuke innfor deg, og hjelp dei ved Den Heilage Ande å forstå at dei treng ei rettferd som er større enn den dei kan produsera sjølve. Herre, miskunna deg over Jahanka, i ditt eige dyrebare namn. Amen!

Ghana 1

Ghana er eit lite land på 238 533 kv.km, og med eit folketal på over 24 millionar. Det er ein gamal engelsk koloni, og engelsk er då også administrasjonsspråket der. Til dagleg snakkar ghanesarane 79 ulike stammespråk. 63,4% er tradisjonlt kristne, dei fleste protestantar, 24% er muslimar, 12% animistar. Muslimane driv aggeressive påverknadskampanjar, og religionsblanding er utbreidd. Landet har hatt stabile politiske tilhøve sidan 1992. Kjelde: Operation World

Far, du som er den rett Far for alt som blir kalla barn i himmel og på jord! Kom med ditt sterke lys inn i Ghana sine mange kyrkjer slik at sanning blir separert frå løgn, rett frå galt og vondt frå godt. Gje dei truande augo å sjå med, og hjarto å skjøna med slik at dei kan avsløra fienden når han held på med villfaringa sine kunster. Reis opp dette folket slik at dei helgar Jesus åleine som Herre i liva sine, og forkastar alt anna som klør dei i øyro og som opnar for all slags umoral. Stopp den muslimske framgangen i landet, og hjelp dei mange muslimane til å forstå at Jesus lever, at han er Guds Son og verdas domar, og at ingen kjem til Deg utan gjennom Han.

onsdag 1. juni 2011

Kristen bokhandlar i Sialkot, Pakistan, meld for blasfemi

1.mai vart den kristne bokhandlaren Gulzar Masih frå Sialkot meld av sin gamle forretningskompanjong for blasfemi mot Koranen. Det er dødsstraff for slikt i Pakistan. Truleg har Abdul Rauf hatt ein personleg agenda mot Gulzar då han ropa ut på gata at denne hadde brent eit eksemplar av koranen og trakka på han. Mange muslimar kom til for å setja fyr på forretninga til Gulzar, men politiet klarte å stansa dei. Gulzar gøymer seg no på ein ukjent plass og livet hans er i den ytste fare. I realiteten har han berre ein sjanse: å koma seg ut av landet.

Herre Jesus! Me ber om englevakt rundt Gulzar Masih der han er akkurat no. Lat ingenting vondt henda han, men hjelp han så han kan koma seg uskadd ut av Pakistan. Lat saka mot han enno ein gong setja søkelyset sitt på den himmelropande uretten som ligg i Pakistans blasfemilover. Tillat ikkje pakistanske kristne å bli motlause pga all den motstand dei møter og den overhengande faren dei lever i, men gje dei styrke til å bera krossen sin og ope vedkjenna seg ditt namn og forkynna di frelse.

Tianba-nosu i Kina

Denne stamma tel vel 101 000 menneske. Dei har ein ekstrem krigersk forhistorie, og vil ha store vanskar med å skjøna seg på ein kjærleg og tilgjevande Gud. Slike ting er heilt ukjende i deira kultur. Uthaldande, fokusert bøn er heilt nødvendig med tanke på at desse skal bli mottakelege for Guds nåde i Jesus Kristus. (Kjelde: joshuaproject.net) NT er omsett til nuosu.

Herre Jesus Kristus, fredsfyrste og Guds ord. Sjå i nåde til Tianba-nosuane og openberra din stordom og styrke for dei. Lær dei å sjå på seg sjølv som støv i høve til deg. Riv ned alle tankebygningar, alle "sanningar" i denne kulturen som reiser seg mot kunnskapen om deg. Bryt Satans makt over dette folket og lat Ordet og Den heilage ande bringa ein heilt ny røyndom, Guds gode rike, til dei. Gjer dei audmjuke og mottakelege for din nåde. Lat sentrale personar mellom dei koma til tru, og etablera ei levande og vinnande kyrkje i dette folket. Me ynskjer å sjå dei mannsterke framfor di trune på den siste dag. Amen!

tirsdag 31. mai 2011

Burmesarane i Burma

Burmesarane tel meir enn 28 millionar menneske. Dei er buddhistar med sterkt islett av animisme. Mykje av energien deira går med til å halda fred med ei vond ånd som dei kallar "nat". Burmesarane lever i eit tett åndeleg mørkre, og dei er undertrykte på det verste både av djevelen og av dei militære makthavarane i landet. Problema i Burma er ikkje politiske, men åndelege. Syklonen Nargis påførte dei i 2008 forferdelege lidingar.
Dei snakkar sitt eige språk, og Bibelen er tilgjengeleg for dei, likeeins Jesusfilmen og NT online.

Herre Jesus! Du som kom for å setja fangar i fridom og gje menneska augo å sjå med og øyrer å høyra med, kom og gjer di makt og di kraft gjeldande mellom burmesarane. Reis opp menneske over heile verda som kan be for dette folket, og send profetar til dei som kan forkynna med stor effekt inn i folks liv, slik at dei tek avstand frå all avgudsdyrking og okkultisme og tek sin tilflukt til deg åleine. Gje dei mot til å kasta av seg djevelens lenker som du låste opp då du døydde for dei på krossen. Gå mektig fram mellom burmesarane og lat dei kle seg i heilag skrud og stå fram som forløyste og glade kristne. Du som er historias Herre, velsign dei med eit politisk leiarskap som utelukkande arbeider for folkets vel og ikkje for sine eigne posisjonar. Amen!

Kristen familiefar torturert og drepen i Irak

Den 29 år gamle kristne mannen Ashur Issa Yaqub vart 13. mai kidnappa, torturert og drepen av Al-Quaida i Kirkuk i Irak Dei hadde kravd 100 000 USD I løysepenger for han. Den 16. mai fann folk Ashur drepen . Han bar merker etter grov tortur. Ashur etterlet seg kone og 3 små barn.


Herre Jesus Kristus! Enno ein gong må me be om vern for Iraks kristne, og me ber deg om å gje trøyst og styrke til kona og barna til Ashur som no er i djup sorg. Herre, me ropar til deg: Gjer ein ende på dei som utset dine barn for slike lidingar. Lat dei ikkje lukkast i sin vondskap, men lat dei falla for eige grep. Gode Gud, kom med fred og lækjedom til Irak som har mista så mykje over så lang tid. Håpets Gud: Landet treng rettferdige leiarar med klokskap og mot til å føra folket inn i fredelege og lukkelege tider. Reis opp modige og offerviljuge kristne med profetiske sansar som kan gjennomskua dei vonde sine planar, stå opp for evangeliet og forkynna dei gode nyheitene mot alle odds, og slik ta djevelen kraftig ved nasa. Amen!

Keep the faith alive in me

  Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...