| CIA world factbook |
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
| CIA world factbook |
Folketal: Vel 32 millionar fordelt på 62 folkegrupper som snakkar 53 ulike språk. Hovudstad: Maputo.
46% er kristne (dei fleste katolske). 11% er evangeliske. Resten er animistar og muslimar.
Etter at borgarkrigen enda i 1992 har landet utvikla seg i demokratisk retning. Evangeliet går fram med stormskritt, og dagleg blir det planta mange nye kyrkjelydar. Vekkinga i Mosambik vert driven fram av intens forkynning, stort hjelpearbeid og mange mirakler som skjer i Jesu namn.
Be om at fridomen må vara ved, og at heile landet må bli disippelgjort.
Når så mange kjem til tru kvar einaste dag som tilfelle er i Mosambik, er det eit desperat behov for gode kristne leiarar. Det er naturlegvis ei stor mangelvare.
Be om at alle nye kristne må bli godt grunnfesta og forsvarleg disippelgjort.
Be om at Gud må utrusta hyrdar som kan undervisa kyrkjelydane i Guds ord, og som kan vera gode leiarar for flokkane.
Be om at alt det gode arbeidet som vert gjort gjennom Trans World Radio også skal bera rik frukt.
Du kan lesa meir om alt dette på https://operationworld.org/prayer-calendar/09-07/#tab-more-1
Vest-Sahara ligg sør for Marokko, og vest for Mauritania. Marokko okkuperte Vest-Sahara i 1979, og har annektert området, utan at verda elles har godkjent dette. Berre ein liten del av landet (som forøvrig er ufuktbar ørken) er sjølvstendig og blir kalla Den saharawadiske arabiske demokratiske republikk. Som Marokko er Vest Sahara eit fullstendig muslimsk land.
Gode Far! Du er den rette far for alle som bur i Vest Sahara. Men dei har ikkje den kunnskapen dei treng for å kunna finna deg. Me ber om at det skal gry ein ny dag i Vest Sahara, at evangeliet skal bli forkynt for alle i dette landet, at Jesus skal bli overmåte stor for dei, og at og du i henhold til Jesaja 52,10 syner din heilage arm for auga på alle folkeslag slik at heile jorda får sjå di frelse. Me ber i Jesus Kristi namn.
| Bilde: CIA World Fact Book |
Å, Herre! Sjå i nåde til Mauritania. Rekk ut din mektige arm til
frelse for nasjonen. Må folket få kjenna deg, Jesus, som sin Herre og frelsar
og einaste vegen til himmelen. Du døydde for dei, for at dei skulle leva for
deg. Løys dei ut frå djevelens makt i ditt namn, gje dei å venda om til deg.
Gje dei tilgang til ditt ord, og skap ei sann tru i hjarto deira slik at dei
kan lova og æra deg frå djupet av sitt hjarta. Amen!
Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you a...