mandag 4. mai 2015

Gerafolket i Nigeria

Gerafolket lever i Bauchi-staten nordaust i Nigeria. Dei tel i følgje www.joshuaproject.org  361000 menneske. Alle er muslimar, men trua deira er ei blanding av islam og tradisjonell etnisk religion. Lenge før dei vart muslimar, tilba og ofra dei til høgguden Kpa, og alle familiar hadde, og har,  heilage gjenstandar som representerte Kpa for dei.
Gerafolket lever etter måten morderne liv, dei legg vekt på utdanning og er å finna høgt oppe i regjeringsapparatet. Dugande folk.
Dei snakkar sitt eige språk. Ingen deler av Bibelen er omsett til gera, men folket snakkar også hausa godt, og heile Bibelen føreligg på dette språket. Det fortonar meg som om det likevel føreligg behov for bibelomsetting på gera. Det er registrert nokre få kristne frå dette folket, men dei er sårbare for avvik i trua.

Kjære Herre Jesus! Send arbeidsfolk ut til din haust i gerafolket i Nigeria. Må dei få høyra evangeliet forkynt med kraft, innleving og overtyding på sitt eige språk av truande menneske som elskar dei av hjarta, og som har evne til å finna nøklar inn til denne spesielle kulturen. Stadfest Ordet for dei med under og teikn og mektige gjerningar som du gjer mellom dei i ditt eige namn. Hjelp dei å forstå at du er den Gud (Kpa) dei har lengta etter i generasjonar, og at du vart menneskeson for at dei skulle bli Guds søner og døtre ved trua på deg. Fri dei frå avgudsdyrking, okkulte aktivitetar, djevelens undertrykking og frå nedverdigande synder. Transformer dei ved Den heilage ande til trufaste, glade og lydige disiplar av deg. Må mann og kvinne leva trufast saman i ekteskap, barna veksa opp i varme og trygge heimar og familiar få god skulegang og naudsynt utdanning.
Må det bli planta sterke gerakyrkjer i alle byar, landsbyar og områder der dei bur, forsamlingar fulle av Ande og kraft som kan bringa frelse og lækjedom til alle i dette folket. Forbarn deg over dei i ditt eige namn. Amen!

Kroatia





Folketal: 4.4 million. Hovudstad:  Zagreb (687,000). Kristne 4.1 mill. Evangeliske kristne 19,000.
Kroatar (87.5%), Serbarar (4.5%), Romani (2.3%), Bosniarar (0.5%), Ungarar (0.4%), Albanarar (0.3% ), Slovenarar (0.3%).
Språk: Serbo-kroatisk. Latinske bokstavar.
Landet er fattig og kjempar enno med etterverknadar av mange års kommunistisk styre.  Høg arbeidsløyse (over 12%), og låge lønningar.
Mange slit enno med traumer etter krigen på 90-talet.
Hatet mellom kroatar og serbarar er djupt og inderleg. Her kan dei evangeliske kristne bety noko. I desse lever menneske frå alle etniske grupper saman i kjærleik.
80% av ungdomane i landet rusar seg på narkotiske stoff. 



Gode Far! Må ditt rike gå fram i Kroatia, og må di kyrkje bli planta og veksa seg sterk og sunn i alle byar, landsbyar, regionar og lokalsamfunn, og må din herlegdom dekka landet som vatnet dekker havbotnen.
Aus Anden din ut over alle menneske i Kroatia slik at dei kan snu seg bort frå synda, tru på Jesus, elska han og tena ham med kraft og glede. 

Skap forsoning mellom kroatarar og serbarar. Riv ned alle murar mellom dei, og ta bort hatet i hjarto deira.
Læk alle sår krigen på 90-talet har påført folk. 
Gje Kroatia gode og rettsindige leiarar som elskar deg, og som i si gjerning hentar inspirasjon, kraft og rettleiing frå Bibelens ord.
Må barna få veksa opp i varme og trygge heimar med ein far og ei mor som elskar kvarandre, og som lever trufast saman i ekteskap. 

Gje dei unge i landet ei sterk erfaring av din kjærleik slik at dei ikkje lenger treng å rusa seg kjemisk. Me ber om at alle som produserer, distribuerer og sel narkotika skal bli stoppa i si destruktive gjerning. 
Gje Kroatia gode skular  for barna,  solide utdanningsinstitusjonar for dei unge og eit kompetent og utbygd helsevesen.
Gje landet eit sunt og godt næringsliv og ein blomstrande økonomi, og må dine goder bli fordelt på rettferdig vis.
Vern landet mot krig, naturkatastrofer, hungersnaud og dyrtid. Gje alle menneska der del i di lukke, gjer dei til gode samfunnsborgere og ansvarlige medmenneske, og vern dei mot djevelens vondskap og alle hans lumske planar.
Riket er ditt, og makta og æra i all æva. Amen!





søndag 3. mai 2015

Bania. Kasaundhan i India

Kasaundhanfolket tel 502 000 menneske i India, og er hinduar i sjel og sinn. Dei tilber Ganesha og Lakshmi.
Dei er generelt velutdanna, og tilhøyrer høgare kastar.
Dei er stolte over sin stand og stilling, og tek ikkje imot mat og drikke frå folk som står lågare enn dei sjølve. Dei søker gjerne råd frå brahminarar når dei har behov for rettleiing. Ingen av dei er kristne.
Dei snakkar heile 30 språk, og her vil det krevjast mange ulike kyrkjeplantingar når dei opnar seg for evangeliet i denne folkegruppa. 

Kjære Herre Jesus! Du seier at hausten er stor, men arbeidarane få. Difor: Driv arbeidsfolk ut til din haust i kasaundhanfolket i India. Må evangeliet om deg og ditt rike bli forkynt for dei på deira eigne språk. Må Guds herlegdom stråla fram for dei gjennom ditt ord og di kyrkje. Bryt ned all sosial stolthet som hindrar dei i å audmjuka seg å koma til deg og ta imot di frelse. Riv ned alle tankebygningar hos dei som reiser seg mot kunnskapen om Kristus. Løys dei frå djevelens lenker, og fri dei frå demoniske makter som framtrer som gudar for dei, og gjer dei til ei del av din store familie  ved trua på Jesus Kristus. Amen! 

 

lørdag 2. mai 2015

Elfenbeinskysten

A map of Côte d’Ivoire class=
Innbyggjartal i 2010: 21,6 millionar. I år 1900 var 5% muslimar, men no er denne delen auka til over 42%, og prosenten aukar raskt pga innvandring frå nord. Dette er ei stor misjonal utfordring. Dei nasjonale kristne har omtrent ingen inngang mellom muslimar pga fientlege haldningar. Muslimane må vinnast av kristne som kjem utanfrå for å leva ut og demonstrera Kristi kjærleik  mellom dei. Dei religiøse frontane følgjer ofte også etniske grenser, og dei etniske konfliktane har vore djupe og blodige. Det er stor grad av religionsfridom i landet, og dette gjev kyrkjer og kristne organisasjonar stor fridom til å verka, og resultata har vore store og gode spesielt på skular og universitet.



Gode Far! Må ditt rike gå fram i Elfenbeinskysten, og må di kyrkje bli planta og veksa seg sterk og sunn i alle etniske grupper,  byar,  regionar og lokalsamfunn, og må din herlegdom dekka Elfenbeinskysten som vatnet dekker havbotnen.
Aus Anden din ut over alle menneske i dette landet slik at dei kan tru på Jesus, elska han og tena ham med kraft og glede. 
Skap forsoning og fred mellom sør og nord, mellom muslimar og kristne, og må kristne vakna opp og sjå sitt ansvar med tanke på å vinna dei muslimske landsmennene sine for Kristus.
Gje
Elfenbeinskysten gode og rettsindige leiarar som elskar deg, og som i si gjerning hentar inspirasjon, kraft og rettleiing frå Bibelens ord.
Gje landet eit sunt og godt næringsliv og ein blomstrande økonomi, og må dine goder bli fordelt på rettferdig vis.
Vern
Elfenbeinskysten mot krig, naturkatastrofer, hungersnaud og dyrtid. Gje alle menneske i landet del i di lukke, gjer dei til gode og ansvarlige medmenneske, og vern dei mot djevelens vondskap og alle hans lumske planar.
Riket er ditt, og makta og æra i all æva. Amen!

Abdulfolket i India



Abdul  


Det er 31000 abdular i India. Dei er alle muslimar. Språk: maithili, men alle skjønar urdu. Abdul er lågkaste, og lever av almisser forutan at dei underheld som gatesangarar. Ingen kristne registrert.

 Bøn:
Herre, send arbeidsfolk ut til din haust i abdulfolket. Må dei få høyra evangeliet fortalt og forkynt med kraft og overtyding på sitt eige språk. Stadfest Ordet for dei med  dei under og teikn som skal følgja alle  som trur, og ved å dela ut Den heilage ande etter din vilje. Fri dei frå avgudsdyrking, okkulte aktiviteter,  djevelens undertrykking og frå nedverdigande synder, og transformer dei til dine glade og trufaste disiplar Må det bli planta sterke abdulkyrkjer, og må desse vera fyrtårn i lokalmiljøa som syner alle abdular vegen heim til farshuset. Herre, forbarm deg over dei og gje dei frelse, nytt liv og ny mentalitet, me ber i ditt eige namn. Amen!


 Abdul in India

fredag 1. mai 2015

Costa Rica

A map of Costa Rica class=
Costa Rica er 51100 kv km stort, med eit folketal på  4 639 827. Landet ligg i Mellom Amerika. Det store fleirtalet tilhøyrer den romersk katolske kyrkja. 14-15% er evangelisk kristne. Desse kyrkjene har ein gjennomsnittleg vekst på 3,7%.. Den karismatiske vekkinga står sterkt i den katolske kyrkja i landet, og dette har fornya gudstenestelivet i kyrkjelydane. Folket er åndeleg orientert, og mange er fanga av spiritisme og okkuklte aktivitetar. Dette er ei stor utfordring for kyrkja. I nord er mange flyktningar frå det fattige Nicaragua. Desse er også eit stor utfordring for kyrkja i landet.
Etter kvart som kyrkja har mogna, har meir og meir av misjonærane sitt ansvarsområde overført til dei nasjonale kristne. Desse er i ferd med å forma ei holistisk teneste der dei legg vekt på hjelp til dei fattige, sjuke, utslegne og til barn i risikosonen. Det formar seg også nokre interessante partnerskap, T.d. sender. Christ for the City no ut korttidsmisjonsteam både i heimlandet og til andre land.

Me takkar deg, Gud, for dine mange undergjerningar i Costa Rica, og for den store framgangen for ditt rike i landet. Må di kyrkje i landet halda seg sunn og vera velsigna med godt leiarskap. Utrust dei truande med kraft og gåver til å handtera alle utfordringar som møter dei i kvardagen, og gje dei klåre visjonar og mål for kva du vil dei skal gjera framover. Må du i særleg grad sjå til dei mange unge i landet, gjera deg kjent for dei, fri dei frå alt som bind dei og føra dei inn i et dynamisk og gledefullt disippelliv. Amen! 

onsdag 1. april 2015

Bhangifolket i Pakistan

Bhangifolket lever både i India ,Pakistan, Nepal og Bangladesh (sjå kart under). I Pakistan er dei 77000, i India noko meir. Dei som bur i Pakistan er muslimar og snakkar sindhi, som er eit stort språk i regionen. Heile Bibelen er tilgjengeleg på dette språket. Bhangifolket tilhøyrer dalitane. Dei er kastelause og i stor grad rettslause. Dei jobbar som reinhaldsarbeidarar, korgmakarar og trommeslagarar. Analfabetismen er høg, og evangeliet må hovudsakleg koma til dei i munnleg form. Det er ikkje kjent om det er nokon som helst av dei som trur på Jesus.

Gode Gud og Far! I dag ber me om opplysning og frelse for bhangifolket i Pakistan. Leid dine trufaste tenarar til sentrale bhangifolk, og møt dei gjennom levande forteljingar om Jesus og gjennom under og teikn som du let skje mellom dei. Gje dei ei djup forståing av at Jesus står over Muhammed, og at den einaste vegen til rettferd går gjennom trua på Han. Løys dei frå vonde ånder som blindar dei og som held dei fast i løgn og synd. Gje dei ein stor trong etter å læra seg å lesa, og lat Bibelen bli ei etterspurd bok i bhangifolket. Amen! 

 

Dagens nasjon: Mosambik

  Mosambik ligg på austkysten av Afrika, og har 35 632 000 innbyggjarar. 46% er kristne. Dei fleste katolikkar. 11% er evangeliske.  Hovudst...