søndag 26. april 2026

Kautokeino i Finnmark

'
Kautokeino er den største kommunen i Noreg når det gjeld flatemål.
Folketal: 2900
Kommunesenter: Kautokeino
Næringsliv: Reindrifta er dominerande forutan tenesteyting og litt jordbruk
Kyrkje og kristenliv: DNK feirer gudstenester i to kyrkjer: Kautokeino og Maze. 
Den lutherske kyrkja i Kautokeino vart i si tid vigsla av Børre Knudsen, og har gudstenester kvar søndag. Dei kjøpte eit bedehus som dei bygde ut og på med hjelp frå lutherske vener i USA.
Gunnstein Innvær er sokneprest der i dag. 

Den lutherske kyrkja i Kautokeino, også kalla "Kvitkyrkja". 

Pinsekyrkja Eben Ezer vart grunnlagt i 1986, og har 39 medlemmer. Dei er aktivt med i "Bønn for Finnmark". 
Den læstadianske vekkinga brann sterkt i Kautokeino, og kristenlivet er framleis prega av denne åndsretninga. 

Me ber om ei ny bølge av vekking over denne kommunen, og over heile Finnmark.
Me ber om søskenkjærleik og einskap mellom dei kristne.
Me ber om Jesustruande med varme hjarto og klåre hovud
Me ber om Andens kraft over dei, og om ein sterk iver etter å vinna sine medmenneske for Jesus.
Me ber om ein rusfri kommune, om gode oppvekstmiljø, stabile heimar og fred mellom folk.
Me ber om velsigning over den kommunale økonomien.



Ingen kommentarer:

Martyrkyrkja. Grov trakassering av ung kristen kvinne i Pakistan

Adan Sabir, ei 19 år gammal kristen jente frå Faisalabad i Pakistan, lever i eit mareritt som ingen ung kvinne nokon gong burde måtte gjenno...