Politimeister Ida Melboe Øystese i Oslo vart intervjua i Debatten i dag. Bakgrunnen er alvorleg mannskapsmangel i Oslopolitiet. Dei siste åra har meir og meir av mannskapsressursane blitt brukt til vakthald ved ambassadar og andre trusselmål, samstundes som den alvorlege organiserte kriminaliteten med sambandslinjer til utlandet har eksplodert. Berre i Oslo er det 120 kriminelle nettverk . Sist veke vart eitt av dei avslørt, og mange titals menn vart arresterte, og her snakkar me om kriminelle som drep for å nå måla sine, som inngår drapsforbund og som hyrar inn unge gutar til å gjera "jobben" for seg.
Her trengst det at me som trur på Gud verkeleg ber om at ting må gå i stå for dei kriminelle, at politiet skal føreta effektive etterforskningssteg, at lovbrot blir avslørte og pådømte. Vidare ber me om at politikarane skal audmjuka seg og be Gud om hjelp, og me ber om at dei skal få nokre rette og gode tankar om tiltak som kan setjast inn for å hindra at unge menneske vert rekruterte til dei kriminelle miljøa. Så ber me om Jesus skal utøva si allmakt i hovudstaden, at Den heilage ande vert aust ut over byen og at dei som bur der skal bøya seg for Gud og oppleva hans transformerande kraft og makt.

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar