mandag 20. april 2026

Karasjok, Finnmark

 



Innbyggjartal: 2500
Kommunesenter: Karasjok
Næringsliv: Reindrift, jordbruk, jakt, fiske og sanking. Til saman sysselset desse aktivitetane 10% av arbeidsstokken. Resten jobbar i offentleg og privat tenesteyting og administrasjon (Sametinget).
Kyrkje og kristenliv: DNK har ein kyrkjelyd med eit sterkt læstadiansk innslag. Pinsevenene har ei forsamling med 19 medlemmer. Evangeliesenteret har også ein avdeling i kommunen. 

Gode Far!
I dag ber me om at du skal gjesta Karasjok kommune. Bøy deg ned til dei som bur der, og gjer deg til kjenne for dei. Me ber om ei djuptgripande vekking over kommunen. Takk for alle dine sanne barn i Karasjok. Forny og inspirer dei i tenesta for evangeliet, gje dei alt som dei treng for å kunna veksa både i tal og kvalitet. Må ditt rike gå fram og djevelens rike vika i Jesu Kristi namn. Må dine sanningar sigra i folks liv, og djevelens løgner avslørte og avviste. Må folk leva edruelege og fredelege liv, og snu ryggen til rus og valdeleg åtferd. Me ber om godt samhald i familiane, pg om at dei unge skal innretta liva sine etter dine bod på alle plan. Må Bibelen bli eit kjærkome lesestoff for folk og må glørne etter dne læstadianske vekkinga flamma opp i gjen. Amen! 


Ingen kommentarer:

Dagens unådde: Hajam i Pakistan

  Det er nær 5 millionar hajamar. Halvparten høvevis i Pakistan og India.  Alle er muslimar.  Språk: Vest punjabi. Bibeloversetting: NT Haja...