tirsdag 25. februar 2025

Mojbata Irani arrestert i Tyrkia for å bli sendt ut av landet

 

Foto: Article18


Mojtaba Irani flykta til Tyrkia i 2013 etter å ha vore fengsla og torturert for si nyvunne kristne tru i Iran. Han, som dei fleste andre kristne konvertittar i landet, vart klaga for å ha drive på meg ting som å driva med propaganda mot den islamske republikken Iran.  Styresmaktene vert aldri leia av å koma med slike meiningslause påstandar om enkle kristne i landet som forkynner evangeliet om Jesus og deler ut kristen litteratur. 

Sjølv om Mojbata har vore i Tyrkia i 12 år snart, har han aldri blitt kalla inn til invervju der han har fått lagt fram saka si. Difor har han vore utan flyktningestatus, og har ikkje kunna nyta godt av det vern Flyktningekonvensjonen gjev folk på flukt.  Den 29.januar i år vart han arrestert og fengsla med tanke på deportasjon til Iran. 

Tyrkiske styresmakter har dei siste åra sett seg lei på utanlandske kristne misjonærar i landet, og har utvist mange av dei, både amerikanske og tyske, og no er dei begynt å aksjonera mot iranske kristne for å deportera dei til Iran der slike som Mojbata Irani garantert vil bli arrestert og utsett for tortur. Han er per i dag blitt frårøva alle dei grunnleggjande menneskerettane sine: trusfridom, ytringsfridom, retten til asyl, retten til ikkje å bli utsett for tortur, retten til å få saka si prøvd for ein uhilda domstol. Det har han felles med mange andre iranske flyktningar i Tyrkia. 

Be om at Gud må sjå i nåde til Mojbata Irani slik at han kan få saka si prøvd for ein uhilda domstol i Tyrkia, at han skal sleppa deportasjon, at han må få erfara at Guds vern og nærvær, at han er djupt elska og at han kan bli godkjent som FN-flyktning og overført til eit land her i vesten. 


Ingen kommentarer:

Dagens unådde folkeslag: Dusadh i India

  Dusadhfolket telover 6 millionar menneske. 0.03% er kristne.  Dei snakkar hindi, og er hinduar.  Dusadh er lågkastefolk som utviser stor k...