mandag 10. februar 2025

Afghanistan

 

Kart: operationworld.org

Afghanistan har over 43 millionar innbyggjarar. Dei største folkegruppene er pashtun (Taliban), tadsjik, turkmen og uzbek. 

70% snakkar dari, som er i slekt med farsi.  Bibelen føreligg på dari pashto. 

Etter at Taliban jaga amerikanarane ut i 2021, har landet blitt isolert frå verdssamfunnet. Alt har endra seg, særleg for kvinner og religiøse minoritetar. No er det sunnimuslimsk wahabbisme som rår. Kvinner får knapt gå utanfor husdørane, og dei må dekka seg heilt til når dei går ut (saman med ein mann i slekta) og dei får ikkje lenger ta utdanning. Når dei blir gravide, kan dei ikkje motta korkje medisinsk hjelp eller fødselshjelp frå menn, og resultatet blir mange dødfødslar og kvinner som døyr i barsel. Fattigdomen er stor og blir stadig større. Helsehjelp er svært avgrensa. MaStore deler av jordbruksarealet går til dyrking av opiumsvalmue, og 1/3 av BNP kjem frå produksjon og sal av opoider (heroin). Me må gå ut frå at denne businessen skaffar dei styrande de pengar til våpen. Taliban la i 2022 ned forbod mot opiumdyrking, men året etter hadde produksjonen auka med 32%. Det står imidlertid klårt for meg at tala frå Afghanistan er usikre greier. 

Etter at Taliban overtok i 2021, har mange kristen flykta frå landet, og det gjekk rykter om kraftig forfølging. Det er ingen grunn til å tvila på det. Likevel går det rykter om at stadig nye afghanarar kjem til tru, og at undergrunnskyrkja veks. Me får håpa det er sant i eit land der det er 48000 moskear og ingen kyrkjebygg. 

Herre Jesus Kristus, du som døydde for alle menneske for å føra oss til Gud, sjå i nåde til afghanarane slik at evangeliet når fram til dei og finn vegen inn til det inste i hjarto deira, og frir dei frå islams løgner og lenker. Må du gå fram i Afghanistan og sigra i folk sine liv. Må ordet ditt gjera sin mektige gjerning slik at islam blir fasa ut på alle nivå, og bli erstatta av kristen tru og kristne verdiar og lover.  Eg proklamerer åndeleg og politisk fridom over landet og folket i ditt namn. Eg  ber om at opium skal bli erstatta med næringsrike nytteplanter, at landet skal reinsast for vald og at hemn skal erstattast med nåde. Eg ber om at både jenter og gutar skal få gå på skule og skaffa seg solid utdanning, og at landet skal få eit godt helsevesen. Amen! 



Ingen kommentarer:

Dagens unådde folkeslag: Dusadh i India

  Dusadhfolket telover 6 millionar menneske. 0.03% er kristne.  Dei snakkar hindi, og er hinduar.  Dusadh er lågkastefolk som utviser stor k...