mandag 4. mars 2024

Ei bøn for Noreg

 Gode Gud!

Reis opp kyrkja di i Noreg og gjer henne levande, varm, sann, kraftfull og godt synlig for alle. Gje henne velutrusta  og åndsfylte leiarar som elskar deg og sine medmenneske, forkynner ordet ditt med truskap og som lever etter dine bod. 

Må kvar enkelt kristen ta opp krossen sin og følgja deg tett. 

Reis opp apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar som kan utrusta dei heilage til all god gjerning, og som kan tala inn i samfunnsleiarane sine liv.  

Me ber om kyrkjelydar og kristne som er prega av misjonsiver, Andens kraft, Andens gåver og Andens gode frukter. 

Må ditt mektige ord, det tviegga sverdet,  råka nordmenn djupt i samvitet slik at dei vert forskrekka over syndene sine, tek avstand frå dei, vender seg bort frå dei og famnar deg og di frelse.  

Må du transformera Noreg med Den Heilage Andens kraft.

Må lovene i landet bli harmoniserte med dine lover.

Må barna i mors liv få rettsvern heilt frå dei er avla. 

Må barn og unge få veksa opp i rusfrie heimar

Må alt sunt og ærleg næringsliv gå godt, og alle uærlege og unyttige føretak forvitra. 

Må nye grundarar dukka opp, og ny industri veksa fram. 

Me ber om gode kår for bøndene, og at du vernar dei mot flaum, tørke, ulukker, skade og sjukdom på husdyr. Gje gode vekstvilkår for korn, poteter, grønsaker, bær og anna frukt. 

Ver med fiskarane på havet, alle sjøfolk, norske misjonærer, soldater, diplomater og alle andre nordmenn som gjer teneste i framande land. 

Må Noreg bli kjent for å vera eit land som gjev vern og underhald til enkjer, farlause, innflyttarar, flyktningar og fattige.

Me ber om at Noreg skal bli eit raust og gjestfritt land å bu i. 

Me ber om nye kristne skular på alle utdanningsnivå

Me ber om at kristne skular skal få same økonomiske vilkår som offentlege skular. 

Me ber om eit oppegåande helsevesen som tener folket vel. 

Me ber om politifolk med friske kroppar, klåre hjernar og varme hjarto. 

Me ber om vern mot kriminelle bandar og mafigrupper. 

Me ber om at politi og rettsvesenet skal ha nok ressursar til å handtera oppgåvene sine godt.

Me ber om sterke kristne aviser, og generelt om redaksjonar med høge krav til innhald og kvalitet. 

Vakta grensene våre, og vern oss mot alle former for åtak utanfrå.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...