fredag 11. januar 2019

Kristent iransk ektepar arrastert i Mashhad 6. desember


Amir Taleipour og kona hans Mahnaz Harati, busette i Mashhad, vart arresterte i heimen sin den 6.desember 2018. Dei er no fengsel, og kan ikkje kommunisera med familen. Ekteparet er også blitt nekta juridisk hjelp. Amir og Mahnaz har ei lita dotter som storfamilien no tek hand om.

Presset mot dei kristne i Iran aukar framfor kvar julefeiring, og i år har det vore ekstra ille. Aksjonane ser ut til å vera godt koordinerte i den hensikt å desimera dei kristne samfunna og spreia frykt og redsle.

Gode Gud og Far! Me ber i dag for Amir Taleipour og Mahnaz Harati, at du skal styrka dei mektig med ditt nærvær slik at dei blir ståande faste i trua trass i trengslene dei no er oppi, og lat dei få bera fram eit godt vitnemål om Jesus for sine motstandarar.  Me ber om at dei snart skal få fridomen sin attende, og bli gjenforeina med dottera, resten av familien og kyrkjelyden som dei tilhøyrer.

Herre Jesus! Me ropar til deg for dei mange kristne i Iran at du skal halda motet deira oppe slik at dei ikkje blir styrte av frykt og redsle, men berre av din Ande. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Stord kommune

D et er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å s...