Kjelde: Joshuaproject.net
Magh tyder sjørøvar, noko som reflekterer kva dette folket levde av for nokre hundre år sidan. I dag blir dei helst kalla «arkanese», men sjølv kallar dei seg «marmas» som rett og slett tyder burmeser.
Det er 2 671 000 magh i Burma, og om lag 300 000 i andre land.
Språk: Rakhine.
Deler av Bibelen, er tilgjengeleg på dette språket både i tekst og lydformat, likeeins Jesusfilmen
Nokre ytterst få av dei er kristne.
Maghfolket er fattige menneske. Utdanningsnivået er lågt.
Herre Jesus! Me ber om ein ny dag skal renna for dette folket som har levd så lenge i stummande mørker. Du er verdas lys og sol, og me ber om at lyset ditt skal opplysa, varma og forvandla dette folket frå å vera fortapte syndarar til å bli frelste syndarar, rettferdiggjort ved trua på deg. Motiver dei til å læra seg å lesa og skriva, og lat Bibelen bli favorittboka deira. Me ber om at dei unge i maghfolket skal få gå på skule, og at dei skal få sjansen til å ta seg skikkeleg utdanning, og at dette skal vera ein veg ut av fattigdomen for heile folket, og me ber om at det skal vera arbeid å få for dei arbeidsføre. Herre, tal fast og bestemt til djevelen og krev dette folket utlevert. Må dei få kristne finna saman for å styrka og næra kvarandre. Hjelp dei å følgja deg tett, og me ber om at du skal fylla dei med Anden og utrusta dei med himmelske gåver slik at dei kan vera kraftfulle Kristusvitner i folket sitt, og lat det bli etablert ei uovervinneleg kyrkje mellom dei, eit senter for frelse, lækjedom og opplysning. Bibelen seier at du vil ha «medkjensle med dei fattige og trengande, og frelsa dei som er i naud!» Salme 72:13. Amen!
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar