søndag 20. mai 2018

Etiopia


Etiopia har ein lang kristen tradisjon heilt attende til apostelkyrkja, og ligg som ei kristen øy i eit hav av islam. 
Det bur nesten 100 millionar menneske i Etiopia fordelt på 113 folkegrupper som snakkar 88 ulike språk. 
Landet dekker eit område på 1000 000 km2.
Offisielt språk er amharisk. 
Det er mange fattige menneske i Etiopia, eit resultat av tørke, krig, korrupsjon og duglaust leiarskap. 
Dei siste åra har det likevel vore ein betring i den økonomiske utviklinga. 
60,68% av innbyggjarane er kristne, nesten 20% evangeliske.  
Kyrkjeveksten dei siste 70 åra har vore formidabel. Den austafrikanske vekkinga er ei djup og varig elv som spreier seg ut til stadig fleire folkeslag.
Under forfølginga under Mengistu sitt marxistiske regime frå 1975 til 1991, samla dei evangeliske kristne leiarane deg i Evangelical Churches Fellowship (ECFE) for å leggja opp ein strategisk plan for evangeliseringen av landet. For trass i høg prosent kristne, er det svært mykje avgudsdyrking og synkretisme mellom folk. 
Berre 3% av dei evangeliske kyrkjelydane er misjonale.
Islam trykkjer på. Med Saudi-Arabisk finansiering blir det bygd moskèar over alt, dei grev ut brønnar for folk og tilbyr undervisning, og muslimane prøver å hindra det kristne misjonsarbeidet. Likevel er det ein trend at mange muslimar oppdagar at Jesus er Guds Son og verdas frelsar, og blir kristne. 
70% av alle kristne i Etiopia er under 30 år, men kyrkjene sviktar i disippelgjeringa av desse skarane av unge menneske. 
Språkrikdomen er også ei utfordring, og det krevst mange nye bibelomsettingar. 35 prosjekt er i gong. 17 språk er på vent. 
Det nasjonale bibelselskapet har ein ambisiøs bibelspreiingsplan som treng finansiering. 
  • Be om at landet skal bli spart for krig og konflikt, at det skal koma nok regn og at avlingane skal vera gode. 
  • Be om Gud skal halda fram med å ausa Anden sin ut over Etiopia, at landet skal rekka hendene sine opp til Herren, som me les i Salme 68.
  • Be om at kyrkjene gjev disippelgjeringa av unge truande topp prioritet dei komande åra. 
  • Be om at barna skal få skikkeleg skulegang, og at det skal vera jobbar for dei etter endt utdanning
  • Be om at det skal startast bibelomsettingsprosjekt i alle språk der det er behov. 
  • Be om god finansiering av Bibelselskapet sin plan om å distribuera biblar til alle i landet.
  • Be om at det skal produserast god kristen litteratur som kan nyttast i evangeliseringsarbeidet, og solide bøker som kan utdanna, oppbygga og utrusta dei kristne. 
  • Be om at kyrkja skal reinsast for grådighet, seksuell umoral, maktsykje, konfliktar, avgudsdyrking og synkretisme.
  • Be om at kyrkja skal stå opp mot trykket frå islam, tola forfølging og driva effektiv misjon blant muslimar. 
  • /ul>





Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...