Folketal: 4,2 millionar fordelt på 24 folkegrupper som snakkar 22 språk. Nasjonalt språk: Serbo-kroatisk. 91% i dette landet er kristne, og dei aller fleste tilhøyrer den romersk katolske kyrkja. Berre 0,4% er evangeliske (pinsevener). Hovudstad: Zagreb. Frå 1992 til 1998 var landet djupt involvert i krigen på Balkan. Kroatiske soldatar slost både mot bosniske og serbiske hærstyrkar. Kroatarar utførte krigsbrotsverk, og var utsette for krigsbrotsverk. Såra etter borgarkrigen er enno djupe i folket. Mange flykta til andre land, særleg tok Sverige imot mange kroatarar.
Den kroatiske økonomien er stor grad bygd opp rundt turisme. 70% jobbar i tenesteytande næringar. 2% jobbar innan jordbruket og 27,6% i industrien (kjemisk, maskin, metall, petroleumsprodukt, papir, møblar m.m).
Arbeidsløysa har vore høg over lang tid (13,9%). Men økonomien er i betring etter kraftig nedgang i 2008. No er veksten på 6% årleg.
Kroatia har ein rik historie som er synleg over alt.
Under 2.verdskrigen var landet alliert med Tyskland.
Mellom dei unge er det eit omfattande narkotikamisbruk.
Herre! Du som har fått all makt i himmel og på jord, gjer, gjennom forkynninga av ditt ord, og gjennom den kjærleiken som dine truande praktiserer og demonstrerer, for alvor di makt gjeldande i Kroatia . Læk alle hjarter som enno blør etter krigens brutale hendingar og meiningslause tap. Tilgje dei alle synder som pregar liva deira, hat, stolthet, uforsonlegheit, abortinngrep, ytre religiøsitet og meir til. Audmjuk hjarto deira og gje kyrkja kompetanse til å disippelgjera folket. Må du overausa dei unge med din kjærleik og fri dei frå trongen etter rus, og me ber om at narkotiskamarknaden skal tørka bort i Jesu namn. lat næringslivet skal ta seg opp og gje arbeid og opplæring til dei unge, gje landet eit godt politisk leiarskap som lever for folkets vel og ikkje sine eigne interesser. Må det også vera slik i kyrkja og i næringslivet. Amen!
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar