onsdag 2. mai 2018

Elfenbeinskysten



Innbyggjartal: 22,7  millionar. fordelt på 108 folkegrupper som snakkar 93 språk. I år 1900 var 5% muslimar, men no er denne delen auka til over 42%, og prosenten aukar raskt pga innvandring frå nord. Dette er ei stor misjonal utfordring. Prosentdelen kristne er 33,6. 10,6% er evangelikale. Desse kyrkjene hadde ein oppmuntrande vekst på 1990-talet. Blant dei kristne er det den romersk katolske kyrkja og metodistane som er størst. Berre i hovudstaden er det 3000 kyrkjer. Alle denominasjonar har kvar sitt teologiske seminar.

Både kristne og muslimar er sterkt infiltrert av animisme. Fetisjisme, fedredyrking og anna okkult praksis er i stor grad praktisert blandt folk i kyrkjene, og falsk lære er eit stort problem. Framgangsteologi og fokus på mirakler har ein tendens til å fortrenga forkynninga av dei grunnleggjande kristne sanningane. Jesus som person kjem i skuggen av det folk forventa at han skal gjera for dei.   Dei evangelikale tek no tak i denne utfordringa.

Dei nasjonale kristne har omtrent ingen inngang mellom muslimar pga fientlege haldningar. Muslimane må vinnast av kristne som kjem utanfrå for å leva ut og demonstrera Kristi kjærleik  mellom dei. Dei religiøse frontane følgjer ofte også etniske grenser, og dei etniske konfliktane har vore djupe og blodige. Det er stor grad av religionsfridom i landet, og dette gjev kyrkjer og kristne organisasjonar stor fridom til å verka, og resultata har vore store og gode spesielt på skular og universitet.

HIV/AIDS er eit stort problem. Over 1 million menneske er smitta, dei aller fleste kvinner.


Gode Far! Må ditt rike gå fram i Elfenbeinskysten, og må di kyrkje bli planta og veksa seg sterk og sunn i alle etniske grupper,  byar,  regionar og lokalsamfunn, og må din herlegdom dekka Elfenbeinskysten som vatnet dekker havbotnen.
Aus Anden din ut over alle menneske i dette landet slik at dei kan tru på Jesus, elska han og tena ham med kraft og glede. 
Skap forsoning og fred mellom sør og nord, mellom muslimar og kristne, og må kristne vakna opp og sjå sitt ansvar med tanke på å vinna dei muslimske landsmennene sine for Kristus. Fjern frykten som dei kjenner på, ansvarleggjer dei og hjelp dei å nærma seg sine muslimske naboar. 
Kall dei kristne til å venda om frå okkulte praksisar og fri dei ut av djevelens makt på alle livsområder. 
Gje kyrkjene leiarar med stort format og god karakter, åndsfylte kvinner og menn som kjenner deg, di kraft og ditt ord, og som trufast følgjer deg i alle ting.
Gje 
Elfenbeinskysten gode og rettsindige leiarar som elskar deg, og som i si gjerning hentar inspirasjon, kraft og rettleiing frå Bibelens ord.
Gje landet eit sunt og godt næringsliv og ein blomstrande økonomi, og må dine goder bli fordelt på rettferdig vis.

Må evangeliet nå fram til alle unådde folkegrupper i landet, og Bibelen bli omsett til alle levande språk der omsetting er naudsynt. 
Sjå i nåde til alle som er AIDS-sjuke, gje tru, håp og lækjedom.
Må du gode Heilage Ande setja opp ein bibelsk standard for omgang mellom kvinner og menn, slik at  spreiing av alle veneriske sjukdomar blir stoppa i Jesu namn.
Må alle foreldrelause i landet bli tekne hand om av gode vaksne, og ikkje bli utsette for slaveri og misbruk.
Vern 
Elfenbeinskysten mot krig, naturkatastrofer, hungersnaud og dyrtid. Gje alle menneske i landet del i di lukke, gjer dei til gode og ansvarlige medmenneske, og vern dei mot djevelens vondskap og alle hans lumske planar.
Riket er ditt, og makta og æra i all æva. Amen!





Ingen kommentarer:

Ei bøn for Stord kommune

D et er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å s...