søndag 3. september 2017

Amerkansk misjonær risikerer livstidsdom i Tyrkia



Andrew Brunson kom saman med kona si  til Izmir i Tyrkia for 23 år sidan, og har gjennom heile denne perioden drive kristen misjon i byen. Ekteparet Brunsonn har tre barn som alle har vakse opp i Tyrkia. Andrew har lært seg tyrkisk, delt Jesus med vanlege menneske og langsamt bygd opp Izmir Resurrection Church, ein liten kyrkjelyd med rundt 40 medlemmer.
No har Andrew Brunson sete fengsla i over eitt år for «spionasje, planlegging av terrorisme og støtte til Fetulah Gulen», tyrkaren som etter styresmaktene si side skal ha planlagt og sett i gong militærkuppet juli 2016. Fetulah Gulen er ein definert islamist. Blir Brunson kjent skuldig, risikerer han fleire etterfølgande livstidsdommar i fengsel.
Andrew Brunson sa nyleg i retten: «Eg har aldri i mitt liv vore medlem av Gulenrørsla. Eg har aldri vore på møtene deira. Eg har ikkje ein einaste link til Fetulah Gulen sin terroristorganisasjon. Eg ville aldri ha kunna støtta noko muslimsk rørsle. Eg støttar Tyrkias einskap, og kom hit berre for å starta ei kyrkje. Eg er ein religiøs mann som gjorde dette ope og offentleg og styresmaktene visste om meg. Mitt mål er å fortelja om Jesus Kristus. Eg har ikkje drive spionasje, og eg krev ei forklaring på når, kor, og korleis eg skal ha gjort dette.»
Mange ting tyder på at Andrew Brunson fungerer som eit gissel som tyrkiske styresmakter vil bruka for å få fri ein av sine, Reza Zarrab, som sit fengsla i USA for omfattande bedrageri. Dei satsar på ei fangeutveksling.
Det er grunn til å be for Andrew Brunson og familien hans, at dette marerittet må ta slutt, at han må koma ut av fengsel og få venda attende til det livet og den tenesta som Gud har kalla han til.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Stord kommune

D et er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å s...