mandag 21. mars 2016

Bulgaria


 


 Bulgaria er tredjeparten av Noreg i flatemål. Det bur om lag 7 millionar menneske i landet, og folketalet er synkande. Dette både pga emigrasjon, og svært lågt fødselstal. Det høyrer med til bilete at det er fleire provoserte abortar i Bulgaria per år enn levande fødslar.

Landet grensar til Romania, Serbia, Makedonia, Hellas og Tyrkia. I aust til Svartehavet. 

Historisk sett var Bulgaria i mange hundre år ein del av det ottomanske riket. Men folket vart aldri muslimifisert. Dei sto fast i si ortodokse tru og støtta opp om den ortodokse kyrkja si.

Etter 2.verdskrigen vart landet innlemma i det sovjetrussiske interesseområdet, og det var strengt kommunisitisk frå 1947 til 1991. Under kommunismen vart folket lært opp til ateisme, og kristne var under forfølging.

Etter kommunismens fall, knytte folket seg igjen til kyrkja, men i mindre grad til Gud. Den kristne kunnskapen i Bulgaria er svært låg. Ein av grunnane er at gudstenestene føregår på eit for folk flest eit ubegripeleg kyrkjeslavisk språk.

82% av innbyggjarane er bulgararar. 10% tyrkarar og nesten 5% er sigøynarar. Dei sistnemnde høyrer med til dei lågaste i samfunnet. Analfabetismen mellom dei er svært høg. Likevel er det mellom desse Guds rike har hatt størst framgang etter 1991. Særleg på 90-talet var det ei sterk pinsevekkjing i sigøynarmiljøa. Men fråfallet har dei siste åra vore sørgjeleg høgt.

Økonomien i Bulgaria er skrøpeleg. Industrien har kollapsa etter kommunismens fall, og landet er i dag prega av skyhøg korrupsjon og mafiaverksemd. Sjølv om landet vart medlem av EU i 2007, har dette ikkje betra seg nemneverdig.

Om lag 2% av befolkninga er evangelisk kristne. I 1980 var prosenten heilt nede i 0,4. Den gjennomsnittlege årlege veksten er no på 0,7 - 1%.

Men det er enno 2500 landsbyar som ikkje har ein evangelisk kyrkjelyd.

Bulgarske evangeliske kristne har vore flinke til å ta i bruk media i evangeliseringsarbeidet.

Ny moderne bibeloversetting var ferdig i 2010.

Be om:
  • Nytt liv i den ortodokse kyrkja, at Jesus skal koma til syne gjennom alt liturgisk stafasje.
  • Guds ord skal lyda klårt og reint frå alle kristne talarstolar, og at det skal få makt i folket.
  • Forkynnarar og kristne leiarar med integritet som har mot til å avsløra synd, og som tydeleg peikar på Jesus som einaste vegen til frelse.
  • Kristne som elskar Jesus, og som deler han i ord og gjerning med sine medmenneske
  • At mange nye skal bli vunne for Kristus og fostra til disiplar som vinn og fostrar nye.
  • Evangeliske kristne skal få mot og ressursar til å planta nye kyrkjelydar i dei mange unådde områda. 
  • Samarbeid mellom dei evangeliske i misjonsarbeidet
  • Framgang for Den evangeliske allianse
  • At mafiaorganisasjonane skal bli avslørte og oppløyste.
  • At korrupsjon skal bli avslørt og pådømt
  • Ei sterk "ja til livet-rørsle"
  • At gravide kvinner skal få lyst, hjelp og mot til å bera fram barna sine
  • At kristne demonstrerer kjærleik til sigøynarar og tyrkarar, og tek leiarstilling i kampen mot rasismen i landet.
  • framgang for Evangelical Theological Institute, at dei får det som er naudsynt av finasielle og akademiske ressursar med tanke på å halda oppe ei evangelisk teologisk utdanning av høg kvalitet
  • Bulgarias 900 000 muslimar må få sjå Jesus som Guds Lam som bar bort verdas synd, og at dei må tru på han for å oppnå frelse.
  • framgang for IFES som no har driv studentarbeid i 10 byar
  • framgang for evangeliseringsarbeidet gjennom media
  • at evangeliet skal slå rot og skapa kristen identitet blant tyrkarar som snakkar bulgarsk
  • stor utbreiing og interesse for den nye bibeloversettinga. 


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...