lørdag 5. mars 2016

Kviterussland

Kviterussland er Europas siste diktaturstat. Etterat Sovjetunionen rakna tidleg på 90-talet, var det ein kort periode med politisk fridom, men så kom Aleksande Lukashenko til makta i 1994, og han har knebla all opposisjon. Han styrer landet diktatorisk, og krev nærast personleg hyllest, ei klassisk avgudsdyrking.

Folketalet er på vel 9 million, og det er full fart på veg nedover. Det er ingen reell religionsfridom i landet. Den ortodokse kyrkja er dominerande, men 3 millionar menneske er rekna som ikkje-religiøse og sekulære. Trass dette var det i 2010 131000 evangelisk kristne i landet, og desse kyrkjelydane har ein årleg vekst på 3%. Det er bra. Dei møter stadig hindringar som t.d. at det er forbode å samlast under 20 menneske i ein heim eller eit lokale for å ha eit religiøse møte. Slik vil styresmaktene stoppa danning av nye kyrkjelydar.

Kviterussland har nære band til Russland. Landet er ein del av Russlands interessessfære, og folket manglar ein sterk eigen identitet.

Kviterussland vart tungt råka av stråling i samband med Tsjernobylkatastrofen, og enno dukkar det opp nye krefttilfeller pga overdosering av radioaktivitet.

Be om
  • at dei truande må ha god stayerevne og stå trass i hindringar, trakasseing og forfølging
  • vekkjing i den ortodokse og den romersk katolske kyrkja
  •  at folket skal gjennomskoda primitiv avgudsdyrking og forkasta heltedyrking til fordel for tilbeding av Jesus Kristus.
  • at dei kreftsjuke skal få adekvat hjelp
  • einskap mellom evangeliske kristne kyrkjelydar
  • misjonal mentalitet i kyrkjelydane
  • at dei truande skal leva som sanne disiplar av Jesus
  • politisk fridom for folket


Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...