Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
søndag 10. april 2016
Chile
Chile er med sine 4200 km eit langstrekt land.
Arealet er 756 626 kv.km, meir enn det dobbelte av Noreg.
Folketal: 17 600 000.
Befolkninga er homogen. 96% er av spansk opphav.
Økonomi: Landet er rikt på mineraler. Produksjon og sal av koppar er landet si viktigaste inntektskjelde. Prisen på dette metallet på verdsmarknaden er avgjerande for kva som skjer i den chilenske økonomien.
Etter millitærkuppet 11.september 1973 vart over 3000 menneske drepne, og enno fleire utsett for grov tortur og umenneskeleg behandling. Mange berre forsvant, og levningane deira er aldri blitt funne. General Pinochet stod ansvarleg for kuppet, godt hjelpt av CIA. Såra i nasjonen er framleis store. I 1988 vart Pinochet tvinga til å gjennomføra demokratiske val. Han tapte valet, og seinare vart han tiltalt for ugjerningane sine, men aldri dømt. Han døydde i 2006 før rettssaka hadde starta.
Chile er eit katolsk land. Men den katolske kyrkja opplever nedgang i oppslutning, mykje pga at prestane støtta diktaturet. Pinsevenene er på full frammarsj. Men dei er svært splitta. I Chile er det 1200 ulike pentekostale kyrkjesamfunn. Dette er i ferd med å bli eit stort hinder for Guds rike. Pinserørsla taper kredibilitet, og no har sekularismnen fått vind i segla.
Be om at dei djupe såra i denne nasjonen skal gro, og at folket skal oppleva krafta i forsoninga.
Be om at den katolske kyrkja skal reisa seg som ein verdig representant for evangeliet, og bli reinsa for synd og vranglæra.
Be om at pinsevenene og dei evangelisk kristne skal søkja saman og vurdera einskapen høgare enn personlege ambisjonar osv.
Be om godt åndeleg leiarskap i alle kyrkjelydar
Be om at Guds lys skal fløyma over nasjonen
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Vår felles eiendom
O Herre, din dom er så forferdelig. Den gjelder jo ikke bare meg eller ett eller annet tilfeldig menneske, den gjelder alle. Du har kunngjo...
-
Kjelder: CIA World Factbook. Pray for the world (Patrick Johnstone) Folketal: 31 304 016 (juli 2016) 912 050 km2. 52,1 % regnskog. 3,1%...
-
I Pakistan bur det 189 millionar innbyggjarar fordelt på 393 folkegrupper. Det blir snakka 77 ulike språk i landet. Islam er den domineran...
-
Det er 6 151 000 tyrkisktalande kurdarar i Tyrkia. Dei er eigentleg tospråkelege, og meistrar både tyrkisk og kurdisk (kurmanji). Kurdaran...
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar