Bolivia er svært rikt på naturressursar. Landet er verdas største produsent av lettmetallet litium som er overlag viktig i moderne batteriproduksjon. Det har også medisinsk betydning. Vidare er det oppdaga store naturgassreservar. Desse er nasjonaliserte og blitt eit lokomotiv i økonomien. Omfattande korrupsjon har gjennom mange år arma ut nasjonen. Folk flest er svært fattige. Mange bønder driv med cokadyrking der dei skulle ha dyrka mat.
Landet vart sjølvstendig frå Spania i 1825. Etter den tid har det vore ikkje mindre enn 200 revolusjonar. I 1991 vart det innført demokrati, og etter den tid har det vore stabile tilhøve i landet. Noko er på rett veg i Bolivia.
Storparten av folka i Bolivia er katolikkar, men 1,3 million er protestantar, og her er den årlege veksten på 3,8%. Ikkje minst har framgangen vore stor blant den indianske urbefolkninga. I den katolske delen av befolkninga er synkretismen er utbreidd. Dei fleste praktiserer ein heidensk kristendomsform.
- Takk Gud for den store framgangen evangeliet har hatt i Bolivia dei siste 50 åra.
- Det er også grunn til å takka for politisk stabilitet, og å be om at dette skal halda fram.
- Be om rettfed for urbefolkninga i landet. Både Quechua og Aymaraindianarane har vore stygt undertrykt i lange tider, og spenninga mellom desse og den kvite spansktalande majoriteten er stor.
- Be om rettferd for dei mange fattige i landet. 70% lever under fattigdomsgrensa.
- Be om at det skal bli slutt på dyrking av cokablad. Ein vesentleg del av fattigdomen på landsbygda har si rot i denne produksjonen.
- Be om at heidenske gudar skal bli avslørte som vonde ånder, og at folket vender seg bort frå dei, frå synda si og til Gud.
- Dei evangeliske står saman i Association of Evangelicals (ANDEB) , og har høge mål med tanke på å evangelisera landet. Be om at dei skal lukkast med å nå måla sine.
- Omsorgen for fattige må stå sentralt i misjonsarbeidet. Be om at dei evangeliske må stå fremst i kampen mot fattigdom og sosial urett.
- Det er eit desperat behov for kristne leiarar. Be om at Gud skal helga, kalla og utrusta tusenvis av nye leiarar til teneste.
- Overklassen i Bolivia må reknast som ei unådd folkegruppe. Be om at evangeliet skal slå rot blandt dei mektige i landet.
- 67% av befolkninga er under 30 år. Arbeidsløysa er stor i denne gruppa. Mange slår seg saman i valdelelge gjengar, og narkotikabruk og narkotikabrotsverk er vanleg mellom dei unge. Be om at Jesus kjem inn og omformar desse miljøa med sin heilage kjærleik.
- 75% av barna i landet er kronisk under - eller feilernærte. 100 000 av dei bur på gata med alt som det medfører av overgrep, utnytting og kriminalitet. Be om at vaksne kristne skal gå inn å ta aktivt ansvar for barna, føra dei til Kristus, gje dei trygge heimar og naudsynt skulegang og utdanning.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar