fredag 21. juli 2017

To kristne kinesiske ungdomar drepne av IS i Pakistan




24.mai vart dei to kinesiske språkstudentane Li Xinheng og Lu Ling Lina brutalt drepne av IS i Pakistan. Desse to studentane var kristne, og brukte fritida si på evangeliseringsarbeid.

Det er utoleleg for IS at kristne driv misjon i muslimske områder. Deira jihadideologi rettferdiggjer drap og umenneskeleg vald mot annleistenkjande, og religionsfridom eksisterer ikkje i deira vokabular. Dei meiner dei gjer Gud ei teneste ved å ta livet av Jesu vitner. 

Og så høyrer det med til historia at kinesiske styresmakter ikkje vil hjelpa pakistansk politi med etterforskninga av drapa på dei to ungdomane. Dei meinar at studentane sjølve er skuld i at dei vart drepne i og med at dei dreiv misjon. Respekten for menneskerettane er omtrent heilt fråverande også i Kina. 

Dei mange nye unge kinesiske kristne har som mål å evangelisera alle land og folkegrupper mellom Kina og Jerusalem. I dette området finn me dei minst evangeliserte områda på jorda, men den brann som desse unge menneska har i hjarto sine gjer dei ustoppelege i sin iver etter å gjera Jesus Kristus kjent og Guds ord tilgjengeleg for alle menneske. Men denne iveren har sin pris. Li Xinheng og Lu Ling Lina måtte betala med liva sine.  

Herre Jesus! Me takkar deg for den evige betydningen som liva til Li Xinheng og Lu Ling Lina vil ha for mange menneske. Først når såkornet fell i jorda og døyr, kan det bera frukt. Me prisar deg forat det som fienden ser på som innkassert siger, vil bli hans største nederlag. Hald motet oppe hos alle venene til desse to unge slik at dei ikkje fryktar menneske og ikkje taper frimot og engasjement, men at dei ivrar enno meir å fullføra oppdraget du har gjeve dei. Gje dine vitner det vernet dei treng kvar einaste dag når dei går inn i fientleg område. Gje familie og vener av desse to rikeleg trøyst i den sorga som har råka dei. Amen!

søndag 16. juli 2017

Dagens unådde: Amdo, Kina


Amdo tel 727000 menneske, og er å finna i Tibet. Tibet er okkupert av Kina, og gjennom historia har Amdo ytt kraftig motstand. Over 50000 av dei har tapt livet i konfrontasjonar, 150000 har svolte i hel pga undertrykking og vanstyre. 

Det er fire ulike amdogrupper. Hbrogpa er der største. 

Amdo er seminomadar. Dei snakkar 4 ulike språk med mange ulike dialektar. 

Fredsprisvinnar Dalai Lama er amdo. 

Religion: Buddhisme. 
Det har vore drive misjonsarbeid i amdofolket før 1949, og det har, i følgje Paul Hattaway i Asia Harvest, vore rapportar om at det enno finst kristne amboar, men inga kyrkje.

Det er kvinnene som held samfunnet saman. Mennene er i stor grad henfalne til alkohol og andre rusmidlar. 

Analfabetismen er høg. 

Amdo må i dag reknast som ein av dei minst nådde folkeslaga i verda. Dei lever i eit djupt åndelege mørker og er lenkebunde av djevelen. 

Far i himmelen! Hjelp dei truande i amdofolket om å halda saman i tette fellesskap, og leva som sanne disiplar av Jesus Kristus. Lat dei he god tilgang på ditt ord, og kall kyndige folk til å gjera naudsynt bibeloversettingsarbeid i dette folket. Gje kyrkja åndelege leiarar med gode kvalitetar, og fyll dei og utrust dei med Andens mektige kraft slik at dei truande amdoane er prega av at himmelen er i dei og mellom dei. I Jesu namn. Amen!







Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...