fredag 21. juli 2017

To kristne kinesiske ungdomar drepne av IS i Pakistan




24.mai vart dei to kinesiske språkstudentane Li Xinheng og Lu Ling Lina brutalt drepne av IS i Pakistan. Desse to studentane var kristne, og brukte fritida si på evangeliseringsarbeid.

Det er utoleleg for IS at kristne driv misjon i muslimske områder. Deira jihadideologi rettferdiggjer drap og umenneskeleg vald mot annleistenkjande, og religionsfridom eksisterer ikkje i deira vokabular. Dei meiner dei gjer Gud ei teneste ved å ta livet av Jesu vitner. 

Og så høyrer det med til historia at kinesiske styresmakter ikkje vil hjelpa pakistansk politi med etterforskninga av drapa på dei to ungdomane. Dei meinar at studentane sjølve er skuld i at dei vart drepne i og med at dei dreiv misjon. Respekten for menneskerettane er omtrent heilt fråverande også i Kina. 

Dei mange nye unge kinesiske kristne har som mål å evangelisera alle land og folkegrupper mellom Kina og Jerusalem. I dette området finn me dei minst evangeliserte områda på jorda, men den brann som desse unge menneska har i hjarto sine gjer dei ustoppelege i sin iver etter å gjera Jesus Kristus kjent og Guds ord tilgjengeleg for alle menneske. Men denne iveren har sin pris. Li Xinheng og Lu Ling Lina måtte betala med liva sine.  

Herre Jesus! Me takkar deg for den evige betydningen som liva til Li Xinheng og Lu Ling Lina vil ha for mange menneske. Først når såkornet fell i jorda og døyr, kan det bera frukt. Me prisar deg forat det som fienden ser på som innkassert siger, vil bli hans største nederlag. Hald motet oppe hos alle venene til desse to unge slik at dei ikkje fryktar menneske og ikkje taper frimot og engasjement, men at dei ivrar enno meir å fullføra oppdraget du har gjeve dei. Gje dine vitner det vernet dei treng kvar einaste dag når dei går inn i fientleg område. Gje familie og vener av desse to rikeleg trøyst i den sorga som har råka dei. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Stord kommune

D et er økonomisk vanskelege tider i Stord. Leiinga fortel om store uføresette utgifter som har kome på, og som vil få avgiftsnivået til å s...