fredag 6. februar 2009

Finanskrisa

Be om at Gud skal gje oss som er hans barn profetisk innsikt i det som skjer i verda no. Be også om at dei politiske leiarane skal sjå samanhengen mellom økonomien, trua og moralen. Be spesielt for dei fattige nasjonane som allereide er tungt råka av det som skjer, og be om at verdsøkonomien skal landa i eit sunt spor.

Mwanifolket i Mosambik

På 1100-talet kom arabiske kjøpmenn og bandittar til det som i dag er Mosambik for å skaffa seg slavar. Mwanifolket hadde ingen sjanse til å nedkjempa dei, og for å unngå ein sosial katastrofe valde dei å bli muslimar, for det er utillateleg for ein muslim å selje ein annan muslim som slave. Slik berga dei seg frå slaveriet. I dag tel Mwani 97 000 menneske, og islam har blitt ein integrert del av liva deira, sjølv om dei skjønar lite av religionen.

Mwaniane er fiskarar og sjøfolk og lever langs kysten og på øyane utanfor. Dei snakkar sitt eige språk, mwani. Så langt eg skjønar er ikkje noko av Bibelen omsett til dette språket. Mwanifolket ventar framleis på sin rett.

Bøn: "Herre Jesus! Du som bringer retten ut til heidningefolka, og som har sagt at øyane og strendene skal få høyra di lære: send ordet ditt til Mwanifolket i Mosambik, og skap nytt liv i dei gjennom evangeliet. Send dine apostlar til dette folket for å gje dei den nåden og det livet det dei har rett på. Du som har elska desse menneska til døden, sjå i nåde til dei og gje dei del i det livet som er i deg. Løys dei frå løgnene i islam, frå all otte og frå synda sine lenker. Eg ser med glede fram til den dagen då det blir etablert ei livskraftig, vinnande og sunn kristen mwanikyrkje. Amen!"

torsdag 5. februar 2009

Kristen 51-åring arrestert i Rawalpindi, Pakistan

Natt til 27. januar vart Hector Aleem arrestert i heimen sin i Rawalpindi i Pakistan under mistanke om blasfemi, eller for oppmuntring til blasfemi. Dette skal ha føregått via ein mobiltelefon. Men den eigentlege grunnen for arrestasjonen er nok den at Hector Aleem jobbar for kristne i spørsmål om tomtar til kyrkjer. Han har nok blitt for vanskeleg for nokre, og under rettsforhandlingane som førte til fengsling sto det 100 mennesker og ropte at dei ville drepa han om han ikkje vart straffa. Dommaren frikjende han for blasfemi, men oppheldt klagemålet om oppmuntring til blasfemi, og Aleem sit framleis i fengsel.

Be om at han må bli lauslaten. Be om den nødvendige hjelp og støtte til kone og barn. Be om at han heldt motet og trua oppe.

onsdag 4. februar 2009

Kristne i Egypt dømde til 3 års fengsel


Voice of the Martyrs melder i dag at seks egyptiske brør den 22 januar vart dømde til tre års fengsel med hardt straffearbeid, etter at dei var klaga for å opna ein kafè i Port Said under ramadan, muslimane sin fastemånad. No er det ingenting som skulle tilsei at det er ulovleg å opna kafear under ramadan. Inga lov forbyd det. Så denne domen er rein og uforfalska kristenforfølging. Det er urovekkande å vera vitne til utviklinga i Egypt. Her er islamismen på kraftig frammarsj, noko som den kristne koptiske delen av folkesetnaden stadig må betala ein høgare pris for.

Bøn: "Herre Jesus Kristus! Du som har invitert oss til eit liv i offer og sjølvfornekting, styrk dei seks brørne i deira martyrium. Hjelp dei å halda seg nær til deg og til å bevara hjarto sine reine og varme midt i trengslene. Sjå i nåde til Egypt og driv islamismen på retur i dette landet som du sjølv ein gong var flyktning i. Oppfyll lovnadane dine frå Jesaja 19 om å gjera Egypt til ditt eige folk. Amen!"

Minangkabau på Sumatra, Indonesia

Denne folkegruppa tel mellom 5 og 6 millionar menneske, og snakkar minangkabau. Dei bur vestsida av Sumatra, og er den fjerde største folkegruppa i Indonesia. Dei er svært stolte over kulturen og tradisjonen sin, og tek vel vare på den. Dei er i noko mun matriarkalske, og slektstavla fylgjer linja frå mor til dotter, men det er bror til mora som merkeleg nok sit med det øvste ansvaret for familien. "Å vera ein minagkabu er å vera ein muslim," seir dei. Dersom nokon konverterer til ein annan religion, vert dei ekskluderte frå familien. Dei er enno underutvikla, men dei har hatt større suksess i industri og handel enn andre indonesiske folk.
Bøn: "Gode Gud og Far! Du har skapt minangkabaufolket for at dei skal leva som dine barn, og for at dei skal æra deg med liva sine. Løys dei frå alle falske religiøse førestellingar og tradisjonar, og set dei fri frå islams lenker og djevelens makt. Aus din Ande over dei, tal til dei gjennom draumar og visjonar og lat under og tegn skje mellom dei. Send dine tenarar til dei for å å forkynna Kristus for dei på deira eige språk, lat dei få sjå sin fortapte tilstand og driv dei til Jesu Kristi kors. Lat det veksa fram ei levedyktig og vital kyrkje i dette folket som kan føra frendane sine inn i din familie. Amen!"

mandag 2. februar 2009

Khengfolket i Butan


Khengfolket tel 59 000 og snakkar khenga. Dei er buddhistar, og i praksis heit unådde. Meir er det ikkje å finna om dei.


Bøn: "Herre Jesus! Du som kom for å oppsøka dei fortapte for å frelsa dei, driv arbeidsfolk ut til din haust mellom khengfolket. Aus Anden din over dette folket og riv ned alle sosiale strukturar og alle religiøse førestellingar som stenger for din nåde og kjærleik. Bryt buddhismen si makt over khengfolket, og lat riket ditt koma til dei med fridom og lækjedom. Utrust og send nokre av tenarane til dei, og lat dei få føra sentrale Khengleiarar til deg, og lat det bli etablert ei levande, sterkt og ekspansiv kyrkje i dette folket, ei kyrkje der ditt ljos skin sterkt og der din kjærleik og di kraft er tydelege for alle i folket. Lat Khengfolket bli eit ljos for resten av butanesarane og bruk dei til frelse for heile nasjonen. Amen!"

søndag 1. februar 2009

Mann med alvorleg sjukdom

Be om lækjedom for ein truande mann med fleire plagsame sjukdomar, samt ein alvorleg.

Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark

  Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande.  Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...