tirsdag 17. november 2026

Råde kommune i Østfold

 




Folketal: 7900
Kommunesenter: Karlshus
Næringsliv: Jordbruk, industri, tenesteyting.

Kyrkje og kristenliv: DNK har to kyrkjer, DELK, Frikyrkja og pinsevene ein kyrkjelyd kvar. I Råde ligg også den kristne jordbruksskulen Tomb. 

Råde vart som dei andre kommunane i Østfold sterkt prega av vekkingsrørslene på 1800 og starten på 1900-talet. 

Be om at vekkingselden skal flamma opp i Råde på nytt
Be om nytt liv i kyrkjelydane
Be om misjonsiver mellom dei kristne
Be om einskap mellom dei kristne
Be om at Guds ord skal bli forkynt klårt og reint for folk
Be om at kommunen skal takla eldrebølgja på ein god måte
Be om eit effektivt jordvern
Be om gode oppvekstmiljø for barn og unge


Ei kort bøn ut frå Lukas 13

 Herren Jesus!

Hjelp oss alle å venda om til deg av hjarta, forsaka djevelen, synda og verda,

og leva heilt med deg og for deg.

Stell med oss slik at me ber mykje og god frukt

Fyll kyrkja di med kraft til å lækja, og autoritet til å fordriva demonar.

Gjer oss til fruktbare kristne som formidlar ditt liv til åndeleg døde menneske.

Så ber eg om fred for Jerusalem, og om frelse for det jødiske folk.

Amen!

mandag 16. november 2026

Dagens unådde: Norduzbekarar

 



Licensed under CC BY-SA 2.0

Dette folket tel 35 601 000 og lever aust i Uzbekistan. 
Nesten alle er muslimar.
0,03% er kristne. 
Språk: Norduzbekisk
Heile Bibelen er tilgjengeleg på dette språket

Be om at evangeliet om Jesus Kristus må bli forkynt for desse uzbekarane
Be om at Jesus skal openberra seg for dei i draumar og syn
Be om at Anden må koma over dei, og under og teikn skje for augo deira
Be om at islam skal mista grepet sitt på dei
Be om at Jesu kyrkje skal bli grunnlagt som ei levande kraft mellom dei. 


Hvaler i Østfold

 



Folketal: 4700.
Kommunesenter: Skjærhalden
Næringsliv: Fiske og næringar knytt opp til dette dominerer. 

Kyrkje og kristenliv: Alt av kristent liv som eg har funne i Hvaler er knytta opp til Den norske kyrkja, inkludert Vesterøy bedehus. 
Hvaler kyrkje frå 1100-talet  er den eldste kyrkja på Austlandet. 


Hvaler vart sterkt berørt både av Haugevekkinga først på 1800-talet, metodist og baptiskvekkinga seinare i same hundreåret, samt svenske evangeliske vekkingsrørsler som kom med svenske steinhoggarar i overgangen mellom 18 og 1900-talet. Pinsevekkinga tidleg på 1900-talet gjorde seg også gjeldande i øykommunen. 

Kommunen har i dag mange utfordringar. Eldrebølga merkast sterkt i og med at 33% av befolkninga er over 65 år. Utgiftene til helse er høge og aukande, og skatteinngangen låg. Dei er kandidat for ROBEK-lista. Dei må no kutta radikalt i det kommunale tenestetilbodet. 
Om sommaren er Hvaler eit ferieparadis, og befolkninga aukar med fleire hundre prosent. Det gjev auka helseutgifter for kommunen. 

Be om at kommunen skal få kontroll på økonomien, at det skal etablerast ny næring i kommunen som også kan genererer høgare skatteinntekter. 
Be om stabile og levande kristne fellesskap som fungerer året rundt på dei bebudde øyane.
Be om oppblomstring av åndeleg liv mellom dei som er heimehøyrande i kommunen.  
Be om gode oppvekstmiljø for barn og unge.
Be om kloke og rettsindige leiarar på alle nivå


lørdag 14. november 2026

Ei bøn ut frå Matteus 1,18-29

 Å, Herre! 

Du vart avla ved Den heilage ande, les me både i Lukas 1 og Matteus 1. Du var kvinna si ætt som skulle knusa slangen sitt hovud. Eg lovar og prisar deg for at du kom til jorda for å overvinna djevelens velde og fri oss frå våre synder med ditt blod. Du er kongen over alle kongar med all makt i himmel og på jord. 

I dag ber eg om frelse for Israel, folket som du ein gong vart fødd inn i, og som du har lova å ta vare på og frelsa. Må Anden din koma over dei slik at dei ser sine synder og si hjelpeløyse, og slik at du blir herleggjord framfor augo deira. Dei treng deg så sårt no, dette folket ditt. Dei er mange, og kvar dag døyr eit stort tal av dei utan Gud og utan von. Rekk ut din sterke arm, og løft dei ut av djevelens mørke og inn i ditt lys, slik at dei kan tena deg natt og dag for ditt andlet, og bringa lys til dei folkeslaga som enno lever i mørket. Amen! 


Oh, Lord!

You were conceived by the Holy Spirit—as we read in both Luke 1 and Matthew 1. You are the offspring of the woman, destined to crush the serpent’s head. I praise and glorify You for coming to earth to overcome the power of the devil and to set us free from our sins through Your blood. You are the King of all kings, possessing all authority in heaven and on earth.

Today, I pray for the salvation of Israel—the people into whom You were once born, and whom You have promised to watch over and save. May Your Spirit come upon them, so that they may see their sins and their own helplessness, and so that You may be glorified before their eyes. They are in such desperate need of You now—this people of Yours. They are many, and every day, a great number of them perish without God and without hope. Stretch out Your mighty arm and lift them out of the devil’s darkness and into Your light, so that they may serve You day and night in Your presence, and bring light to those nations that still live in darkness. Amen!


O Herr!

Du wurdest durch den Heiligen Geist empfangen – wie wir sowohl im ersten Kapitel des Lukasevangeliums als auch im ersten Kapitel des Matthäusevangeliums lesen. Du bist der Nachkomme der Frau, dazu bestimmt, der Schlange den Kopf zu zertreten. Ich preise und verherrliche Dich dafür, dass Du auf die Erde gekommen bist, um die Macht des Teufels zu brechen und uns durch Dein Blut von unseren Sünden zu befreien. Du bist der König aller Könige und besitzt alle Vollmacht im Himmel und auf Erden.

Heute bete ich für das Heil Israels – jenes Volk, in das Du einst hineingeboren wurdest und über das Du versprochen hast zu wachen und dem Du Rettung verheißen hast. Möge Dein Geist auf sie herabkommen, damit sie ihre Sünden und ihre eigene Hilflosigkeit erkennen und Du vor ihren Augen verherrlicht wirst. Sie brauchen Dich jetzt so dringend – dieses Dein Volk. Es sind viele, und Tag für Tag gehen zahllose von ihnen ohne Gott und ohne Hoffnung zugrunde. Strecke Deinen mächtigen Arm aus, hole sie aus der Finsternis des Teufels heraus und führe sie in Dein Licht, damit sie Dir Tag und Nacht in Deiner Gegenwart dienen und den Völkern, die noch immer in der Finsternis leben, das Licht bringen können. Amen!

torsdag 12. november 2026

Dagens unådde folkeslag: Tengger (Tang ur) i Indonesia

 



Dette folket tel 95000 menneske, og bur ved fjellet Mount Bromo på Vest-Java, nær Bali. Dei er hinduar og tilber Brahma. 1% er har kristen tilknytning. Dei snakkar sitt eige språk. Det nye tertamentet er oversett til tenggerspråket. Menneska er venlege og gjesmilde bønder, litt eksotiske slik at dei tiltrekkjer seg titusenvis av turistar kvart år. Dette er blitt ei viktig inntektskjelde for dei. Mount Bromo er ein aktiv kjeglevulkan, og under ein årleg festival bringer dei offer til Brahma og kastar opp i det alltid dampande krateret. Dette vil turistar gjerne vera vitne til. 

Be om at Jesus skal bryta gjennom det djupe mørket som desse menneska lever i. 

Be om at han skal senda haustfolk til dei som kan gje dei Guds ord.

Be om at ikkje tanken på alle turistpengane dei tener skal hindra dei i å ta imot Guds frelse i Jesus Kristus.

Be om at Den heilage ande skal avsløra hinduismens løgner for dei, og at sanninga i Jesus skal stråla fram mot dei. 

onsdag 11. november 2026

Fredrikstad i Østfold

 




Fredrikstad by ligg ved utlaupet av Glomma. Kommunen strekker seg elles langt nordover og austover i fylket.

Folketal: 86000

Næringsliv: Industri, handel, jordbruk, tenesteyting

Kyrkje og kristenliv: DNK har åtte kyrkjelydar. Elles finnst det fleire pinsekyrkjer samt Den evangelisk lutherske frikyrkja, Metodistkyrkja, Baptistkyrkja og to romersk katolske kyrkjelydar. Det er fem bedehus i byen. Normisjon driv tre av dei. 

Fredrikstad har ein uvanleg sterk vekkingstradisjon. Både Haugevekkinga og metodistvekkinga (som vart tent av sjømannen Ole Peter Petersen) på 1800-talet hadde sitt episenter innafor det området som i dag utgjer Fredrikstad og Sarpsborg kommunar. Pinsevekkinga på 1900-talet og meir moderne karismatiske vekkingar har prega byen heilt til i dag. 

 Takk Gud for alt godt han har gjort i Fredrikstad gjennom tidene, og for den betydninga som denne byen har hatt for heile landet. 

Be om at den elden som brant så sterkt i Fredrikstad for nokre år tilbake skal ta seg skikkeleg opp også i vår tid. 

Be om at byen skal bli velsigna med gode leiarar på alle nivå

Be om gode og trygge oppvekstmiljø for barn

Be om stabile og varme ekteskap og heimar

Be om høge fødselstal og null abortar

Be om eit oppegåande, lønsamt og moderne næringsliv, og god skatteinngang. 




tirsdag 10. november 2026

Dagens unådde: Pashayi (uttalast puhshee) i Afghanistan

 



Det er 77000 pashayi i Afghanistan. 
Desse er nominelle sunnimuslimar. Dei praktiserer animisme i kvardagen med bruk av amulettar og slike ting for å beskytta seg mot farar. Og farar er det mange av, for det er ikkje noko rettsvesen i samfunna deira. Kvar mann må ta vare på seg sjølv, æra si og familien sin, og det er mange konfliktar og mykja vald. Kvinnene på si side er langt friare enn andre kvinner i Afghanistan, og kan omgåast menn fritt. Det er ingen kristne pashayiar. 

Be om at Guds lys snart må skina klårt for dette folket
Be om at haustarbeidarar skal sendast ut for å hausta dei inn i Guds rike
Be om at Guds kjærleik skal smelta harde og kalde hjarter. 
Be om at samfunnet skal bli styrt av lov og rett, og ikkje av makt





søndag 8. november 2026

Nigeriansk kvinne dømt til 14 år i fengsel

 

Liatu Samuel Dawa

Liatu Samuel Dawa førte ei muslimsk nigeriansk kvinne til Kristus. For dette har ho fått ein shariadom på 14 år i fengsel. Lita er frå Gwosaområdet i delstaten Borno. Der er det eit stort fleirtal av muslimar, og dei har innført sharialover som etter deira syn står over dei nasjonale lovene. 

Be om at sentrale styresmakter på omstøyta denne domen, og at dei skal sørga for at det er nigerianske lover som gjeld over heile landet. 

Be om at Liatu skal få styrke til å stå i denne vanskelege situasjonen

Terror i Krakow i Polen

 Ein 24 år gamal mann skaut og drap i går 3 familiemedlemmer og 6 andre tilfeldige personar i den polske turistbyen Krakow, ein vakker by som eg sjølv besøkte for halvanna år sidan. 

Dessutan er 15 hardt skada pga ugjerninga

Polen er råka av terror.

Be om liv og lækjedom for dei skadde.

Be om trøyst og styrke for alle som er i sjokk og sit i djup sorg. 

Søndagsbøn

 Herre Jesus!

Det er søndag, og me skal samlast for å prisa deg og lytta til ditt ord. Aus kjærleiken din utover oss i dag. Må din herlegdom fylla gudstenesterommet. Forny oss i trua, gje oss ei djupare overgjeving, ei større glede, meir iver og eit sterkare kristent engasjement. 

Lær dei sjuke mellom oss, kall dei fråfalne tilbake til din nåde og ditt fellesskap, trøyst dei som sørgjer og styrk dei svake. Det ber me om i ditt dyrebare namn. Amen! 

Martyrkyrkja. Pastor Wang Lin – fengsla for trua si på Jesus i Kina

 



Pastor Wang Lin i Kina (avbilda saman med kona si) har sete fengsla i over eitt år fordi han leia ei stor, uregistrert kyrkje, Zion Church i Beijing. Han er skulda for svindel og ulovleg næringsverksemd. Det er ukjent når han vil bli lauslaten, saman med dei sju andre kristne leiarane som sit fengsla saman med han.

Wang Lin tok doktorgrad i gammaltestamentleg teologi ved Wheaton College i Illinois, USA.

Frå fengselet skreiv han ei helsing til den kristne fellesskapen rundt om i verda om det å lida for Jesus. Han skreiv:

«Frå eldgamle tider har arret etter å bera krossen vore eit av dei viktigaste kjenneteikna på heile Kristi lekam.»

Han avslutta helsinga si med desse orda:

«Lat oss ikkje lata oss lura av djevelen til å tru at vi står åleine i denne kampen. Må den trøysta og styrken eg sjølv har fått, òg trøysta og oppmuntra andre brør og systrer i trua, og vener som står overfor prøvingar og liding.»

Han fortalde om den medvitne mishandlinga som han sjølv og andre kristne blir utsette for:

- Overfylte fengselsrom, uhygienisk mat med lågt næringsinnhald, mangelfull medisinsk hjelp og store psykiske påkjenningar.

- 40 fangar må sova på ei stor, felles treplattform som er plaga av mygg og andre insekt.

- Daglege høgtalaropprop med ekstremt høgt lydnivå, med det føremålet å «knusa heile mitt indre menneske».

- Tre gonger dagleg må fangane sitja på huk med hendene på hovudet i ein fastlåst stilling, i opptil tre timar om gongen. Dette fører til ekstreme smerter og blir brukt som ei form for tortur.

Bøn for pastor Wang Lin og dei andre fengsla kristne

Himmelske Far!

Vi ropar til deg og bed om at pastor Wang Lin og dei andre truande som sit fengsla saman med han i Kina, må bli sette fri.

Han gjennomgår ei frykteleg liding som har som mål å bryta ned motet hans og tvinga han til lydnad mot den kommunistiske staten. Men du har styrkt han. Han fortel at det å bera Jesu kross er noko av det viktigaste ein truande kan gjera.

Herre, hald fram med å styrkja trua hans og verna han mot skade. Må Den heilage ande vera hans daglege trøyst.

Bruk han etter din vilje medan han sit i fengsel, og lat vitnemålet hans bli til styrkje og oppmuntring for heile Kristi lekam. Hjelp oss òg til å vera førebudde på den moglegheita at vi sjølve kan koma til å lida for Jesus.

Syt for familien til pastor Wang medan han er borte.

Lat alt skje til di ære i Kina.

I Jesu mektige namn bed vi. Amen.


lørdag 31. oktober 2026

Keep the faith alive in me

 Lord Jesus! I love your word and your presence, and I love to meditate on your word night and day. Sometimes I forget to think about you and your love, but you think of me all the same. You are my salvation. Let me grow in grace and knowledge to you, and be more and more strong in you, my Lord and my God. 

One day you will come back from heaven and convict the living and the dead. Then the ungodly will burn as chaff, but the rightous shall live with you for ever and ever Keep the faith alive in me so I can be accepted on the judgements day. Amen! 

Herre Jesus! Eg elskar ordet ditt og nærværet ditt, og eg elskar å gruble på ordet ditt natt og dag. Somme tider gløymer eg å tenkje på deg og kjærleiken din, men du tenkjer på meg likevel. Du er frelsa mi. Lat meg vekse i nåde og kunnskap om deg, og bli meir og meir sterk i deg, min Herre og min Gud.

Ein dag skal du kome att frå himmelen og dømme levande og døde. Då skal dei ugudlege brenne som agner, men dei rettferdige skal leve med deg i all æve. Halde trua levande i meg, så eg kan bli godteken på domedagen. Amen!

Dagens unådde: Dar Daju i Sudan og Chad

 


Folketal: 125000.

Språk: Dar Daju og Daju

Deler av Bibelen er oversett til dette språket

Religion: Islam

Kristne: 0,0%

Dar Daju er stort sett sjølvberga bønder. Kvinnene i landsbyen snakkar Daju, medan mennene nesten berre bruker Dar Daju. Lesekunna er låg. Medlemmar av Dar Daju-gruppa giftar seg vanlegvis innanfor sin eigen etniske gruppe, men dei som har flytta til større byar, gifter seg somme tider med andre etniske grupper.

I Nord-Afrika blir muslimar verande muslimar livet ut. Islam er ei sosial og religiøs forventing. Samfunnspresset for å følgje normene er sterkt. Å forlate islam eller til og med søkje åndelege svar utanfor religionen er ei kjelde til skam for familiane deira.

Slik at namnet til vår Herre Jesus må bli herleggjort i dykk, og de i han, etter nåden frå vår Gud og Herren Jesus Kristus.

2. Tessalonikarbrev 1,12

Bøn:

  • Be om at Dar Daju-folket skal få ein åndeleg svolt, og opne hjarto sine for å ta imot Kongen over alle kongar.
  • Be om at Herren skal sende arbeidarar til Dar Daju som trufast og frimodig skal forkynne evangeliet.
  • Be om at Den Heilage Ande skal tenne ei rørsle til Kristus blant Dar Daju.



Sarpsborg i Østfold

 



Kart: Wikipedia


Sarpsborg er ein gamal by grunnlagt av Olav den heilage i 1016, og har ein rik historie. Byen vart nedbrent av svenskane under 7-årskrigen i 1567, og fekk ikkje attende bystatus før i 1829. 
Folketal: 61000

Næringsliv: Industri (Borregård og Hafslund), handel, jordbruk, skogbruk, kraftproduksjon forutan offentleg administrasjon og kommunale tenester. 

AI kan fortelja dette om vekkingshistoria i Sarpsborg:

Sarpsborg og omliggande område i Østfold har historisk sett vore eit episentrum for kristne vekkingsrørsler i Noreg. Særleg kombinasjonen av framveksande industri langs Sarpsfossen, stor arbeidsinnvandring og sterke enkeltpersonar gjorde at ulike kristne lekmannsrørsler fekk djupt feste her.

Her er dei viktigaste røslene som har prega Sarpsborg:
1. Haugianismen – Fødd i Sarpsborgs nabolag
Den mest innflytelsesrike vekkingsrørsla i norsk historie starta nettopp her. Hans Nielsen Hauge (1771–1824) kom frå Rolvsøy, som på den tida låg i Tune kommune (i dag ein del av Sarpsborg). 
  • Vekkinga: Etter ei åndeleg oppleving på åkeren i 1796, starta Hauge ei rørsle som utfordra det etablerte presteskapet.
  • Betydning for byen: Haugianismen kombinerte personleg kristendom med samfunnsbygging og entreprenørskap. Haugianarane stifta bedrifter, fremja likestilling og utdanning, og la mykje av grunnlaget for det moderne og industrielle Sarpsborg. Du kan i dag besøke Hans Nielsen Hauges Minde i grenseområdet mellom Sarpsborg og Fredrikstad. 
2. Den johnsonske vekkelsen og Indremisjonen
Rundt midten av 1800-talet rulla den såkalla johnsonske vekkelsen over landet, leia av teologiprofessor Gisle Johnson. 
  • Bedehuskulturen: Denne rørsla førte til danninga av Indremisjonen i 1868. I Sarpsborg og Østfold-bygda førte dette til ein enorm oppsving i bygging av bedehus. 
  • Arbeidarklassen: Vekkingsbølgja trefte Sarpsborg midt i den mest intense industrialiseringsperioden. For dei mange fabrikkarbeidarane ved Borregaard og Hafslund vart bedehusa og indremisjonsforeiningane viktige sosiale og religiøse møteplassar. 
3. Vekkjinga frå Sverige (Grensevekkjingane) 1875–1930)
Mot slutten av 1800-talet og fram mot unionsoppløysinga var det stor arbeidsinnvandring frå Sverige til industrien i Østfold. Med svenskane kom det også sterke religiøse impulsar. 
  • Svenske predikantar: Det drog svenske predikantar gjennom grensetraktene med "gitarspell og sang". Desse møta skapte store folkelege vekkingar som prega både Tune, Skjeberg og Sarpsborg by.
  • Frikyrkjeleg preg: Denne bølgja gav grobotn for frikyrkjelege samfunn, som Metodistkyrkja, Baptistkyrkja og Sarpsborg Frikirke.
4. Pinserørsla og den karismatiske bølgja
Då pinserørsla kom til Noreg via Thomas Ball Barratt tidleg på 1900-talet, slo ho raskt rot i Østfold.
  • Tidleg etablering: Sarpsborg og nabobygdene (som Varteig) fekk tidleg sterke pinsemenigheiter. Menigheitene prega bybiletet med sine friske vekkelsesmøte og sterke songtradisjon. 
  • Trusbevegelsen: På 1980- og 90-talet vart Sarpsborg også råka av den nye karismatiske "trusbevegelsen" i Noreg, og det vart jamleg arrangert store vekkelsesmøte i samarbeid med kjende predikantar i lokaler som Folkets Hus. I dag lever arven etter dei frikyrkjelege og karismatiske vekkingane vidare i menigheiter som Bless Kristent Fellesskap og Norge for Kristus.

Kyrkje og kristenliv: DNK har 12 kyrkjer og 9 kyrkjelydar. 
  • Filadelfiakirken Sarpsborg: En av byens største frikirker. Dette er en levende flergenerasjonskirke tilsluttet pinsebevegelsen. De er kjent for et omfattende arbeid med ungdomskvelder (Fila Ungdom), barnekirke, bønnesamlinger og ulike sosiale møtepunkter gjennom uken.
  • Sarpsborg Frikirke: Ein aktiv kyrkjelyd tilslutta Den Evangelisk Lutherske Frikirke. Dei held til i Korsgata og har eit stort fokus på å være ei kyrkje for alle generasjoner, blant annet gjennom konseptet «Supersøndag».
  • Metodistkirken i Sarpsborg: Ligg i St. Marie gate og har djupe historiske røter i Østfold, med eit ope og inkluderende fellesskap.
  • Norge for Kristus: Ein uavhengig, karismatisk kyrkjelyd stiftai 1979. Dei held til i det gamle Victoria hotell og Misjonshuset, og overfører blant anna faste møter på den kristne TV-kanalen Kanal 10.
  • Bless Kristent Fellesskap: Ei fri pinsekyrkje i Kirkegata som arrangerer hyppige vekkingssmøter, internasjonale samlinger og bønnekampanjar.
  • Bjørnstad Forsamling: Ei aktiv og veksende lågkyrkjeleg forsamling tilknytta Normisjon, som held til på tradisjonsrike Bjørnstad bedehus.
  • Nye kyrkjeplantingar: Mindre og nyare fellesskap gjer seg også gjeldende i byen, slik som Agapekirken Sarpsborg, som fokuserer spesielt på å byggja eit internasjonalt fellesskap retta mot den neste generasjonen.
  • Andre aktører: Både Frelsesarmeen og mindre ortodokse menigheter har tilhold i kommunen.
Takk Gud for alt han gjennom historia har gjort, og framleis gjer, i Sarpsborg
Be om at Kristi kjærleik skal brenna sterkt i kvar enkelt kristen i byen
Be om at kyrkjelydane skal vera prega av sant åndeleg liv og engasjement
Be om einskap mellom kyrkjelydane
Be om at dei skal nå ut til dei fortapte med evangeliet
Be om gode, varme og rusfrie heimar
Be om trygge oppvekstmiljø for barn og unge
Be om gode marknader for industrien sine varer
Be om kloke og ærlege leiarar i offentleg sektor
Be om at Guds signing og vern over Sarpsborg

Råde kommune i Østfold

  Folketal: 7900 Kommunesenter: Karlshus Næringsliv: Jordbruk, industri, tenesteyting. Kyrkje og kristenliv: DNK har to kyrkjer,  DELK, Frik...