mandag 29. desember 2025

Oslo

 




Oslo er landet sin hovudstad, og har eit innbyggjartal på 724290. Det er kraftig aukande. 
Mange av jobbane i hovudstaden er knytt til styre og stell av heile landet. Byen er vert for staten, Slottet, Stortinget og regjeringskvartalet er sentrale i bybildet, og rommar mange arbeidsplassar, og statsapparatet prear byen i stor grad. Dessutan er det eit yrande forretningsliv, ein god del industriproduksjon og masse kultur. 
Kyrkje og kristenliv: Her er dei aller fleste kyrkjesamfunn og organisasjonar representerte. DNK har  for sin del 38 sokn, men her finn me baptistar, pinsevener i mange fasongar, adventistar, metodistar, Frelsesarmeen, Frie evangeliske,  Frikirken, Normisjon og NLM, alle med store forsamlingar. 
Likevel er berre 2% av Oslo sin befolkning aktive kristne, og stadig fleire forsamlingar blir liberale i samlivsetikken og aksepterer homofilt samliv. Det legg eit betydeleg press på kristne i resten av landet til å vika av frå Herrens veg. 
Oslo har historisk sett vore eit senter for kristen vekking i Noreg. Både på starten av 1900-talet,  og i førkrigstida på 1930-talet var byen i stor grad prega av eit sterkt åndeleg liv. Stor menneskeskarar samla seg om Guds ord, og omvendingane var mange. 
I dag er byen ein multikulturell by med mange muslimske innvandrarar som bur på Grønland, aust i byen. Der er fattigdomen synleg, og levealderen nesten 10 år lågare enn vest i byen. 
Den siste tida har Oslopolitiet vore fullt opptekne av å stansa kriminelle gjengar som hyrer barn og unge til å utføre alvorlege brotsverk som drap, grov kroppsskade samt skade på eigedom, alt saman narkotikerelaterte brotsverk. 

Herre Jesus! Må du enno ein gong gjesta denne byen og ausa Anden din ut over dei som bur der. Landet vårt treng at du grip inn i Oslo i høve til alle som har styringsansvar, den store muslimske befolkninga og dei som er involvert i grov kriminalitet. Må du, Herre, ta kontroll over byen, opplysa kvart menneske med ditt ord og din Ande og frelsa dei. Takk for dei kristne i byen, og takk for alle kyrkjelydar og forsamlingar der ordet ditt vert forkynt sant og reint, og som erfarer vekst. Må det ta seg kraftig opp i tida som kjem. Me ber om ærlege, gudfryktige, heilstøypte, kloke og visjonære leiarar i byen, både innafor politikk, næringsliv og offentleg administrasjon. Gje politiet alt dei treng av ressursar for å løysa oppgåvene sine Me ber om at du vernar barn og unge mot usunn påverknad, negative og vonde krefter og alt som kan bli til skade for dei, og gjer du deg kjent for dei. Me ber om gode, varme og stabile heimar fri frå rus og vald. 





Ingen kommentarer:

Oslo

  Oslo er landet sin hovudstad, og har eit innbyggjartal på 724290. Det er kraftig aukande.  Mange av jobbane i hovudstaden er knytt til sty...