søndag 28. desember 2025

Luster i Sogn i Vestland

 


Folketal: 5432
Kommunesenter: Gaupne
Næringsliv: Jordbruk, kraftproduksjon, turisme (store deler av Jostedalsbreen ligg i Luster), småindustri. 
Kyrkje og kristenliv: Den norske kyrkja har elleve kyrkjebygg og eitt kapell. To av kyrkjene er nesten 1000 år gamle. Kommunen har også 4 bedehus, dei fleste bygde tidleg på 1900-talet som eit resultat av Haugevekkinga på 1800-talet som fekk eit kraftig nedslag i dette området. Denne vekkinga var gjennomgripande (berre lensmannen og presten var uberørte, vert det sagt), og sette varige spor i bygdane, og mange av haugeianarane vart samfunnsleiarar. 

Gode Gud! Sjå i nåde til alle som bur i Luster i dag, og lat dei få møta Jesus på ein så levande måte at dei tek imot han som den gåva frå himmelen han er til og for oss alle. Må dei truande i kommunen vera åndsfylte og tydelege i sitt kristne uttrykk, personar som det lyser Jesus av, personar med ryggrad og kristen karakter, folk som er til å stola på. Velsign Luster med gode leiarar på alle nivå, ta vare på dei unge slik at dei ikkje rotar seg bort i rus, kriminalitet eller seksuelle synder. Styrk samhaldet i heimane slik at dei held saman i gode og vonde dagar, og lat dei vera prega av varme og glede. 
Må vekkinga gripa tak i lustringane enno ein gong, og lat det veksa fram nye kyrkjelydar i kommunen der Guds ord blir forkynt klårt og reint, og der nye kristne kan finna seg heim der dei kan veksa i nåde og kjennskap til Jesus. Amen! 


Ingen kommentarer:

Dagens unådde folkeslag: Purohit-brahminarar i India

  Folketal: 112000. Religion: Hinduisme Utbreiing: Sjå kart frå joshuaproject.net  Desse menneska satsar hardt på høgutdanning. Dei har ein ...