fredag 1. august 2025

Kenya

 Kenya har over 57 millionar innbyggjarar. 82,6% er kristne. 48,9% er evangeliske. Landet vart djupt berørt av den austafrikanske vekkinga som prega kyrkjelivet i mange land frå 1948 til 1960. Kyrkjeveksten er framleis stor i Kenya, men det er mykje namnekristendom. Mange "vender om" til Jesus utan at det får konsekvenser for liva deira.  

Det er ein enorm avstand mellom fattig og rik i Kenya. Korrupsjonen er vanvittig.  Slumområda i byane eser ut. Den politiske spenninga er stor, og opprør mot styresmaktene blir vanlegare og vanlegare. Mykje av dette handlar også om stammekonfliktar. 

Slike levekår avlar kriminalitet.

Eit fleirtal av innbyggjarane er barn og unge. Mange er foreldre lause pga AIDS som krev 500 liv dagleg. 

Det er enno mange unådde folkeslag i Kenya. Men misjonsmedvitet i kenyanske kyrkjer er aukande, og mange vestlege misjonsorganisasjonar er til stades i landet. Det gjev håp for desse folkegruppene.

Kenya er stadig råka av islamsk terror. Særleg er Al Shabab aktive. Det er mykje blod og sorg i deira fotefar. Kristne er ei prioritert målgruppe for desse brutale og forførte menneska. 

Be om at dei folkegruppene som framleis står utanfor, skal koma innanfor, at det skal bli teke solide og berekraftige initiativ for å nå dei.

Be om godt kristent leiarskap som legg vekt på å disippelgjera dei kristne. Be om vekkinga i kyrkjelydane slik at Den Heilage Ande får frelsa dei namnekristne og transformera dei truande sine liv.

Be om rettsindige politiske leiarar som kjempar for folket,  og ikkje for å sikra velstand og rikdom for seg sjølve og familiane sine.

Be mot økonomisk og politisk korrupsjon.

Be om skulegang, utdanning og betring av levekåra for dei fattige.

Be om slutt på islamistisk terror.

Ingen kommentarer:

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...