mandag 17. mars 2025

Tre iranske konvertittar dømde til lange fengselsstraffer

 


Abbas Soori, Narges Nasri og Mehran Shamloui, er iranarar som har kome til tru på Jesus. No er dei dømde til heilt ville fengselsstraffer. Narges (som er gravid) til 16 år, Abbas fekk 15 år og Mehran 11 år. Det spesielle er at ingen av dei er pastorar, men vanlege kyrkjemedlemmer. Det er tydeleg at regimet i Iran no satsar alt på å skremma trua ut av folk, eit symptom på at dei kjenner seg makteslause med tanke på å stoppa den kristne vekkinga i landet. Iranarar lengtar så mykje etter Jesus og hans kjærleik. Dei har fått meir enn nok av religiøst strev og islamsk hat. Be for desse tre, og i særleg grad for barnet Narges ventar. Kva skal det bli med det? "Herre, miskunna deg over dei alle! " Kjelde: Avisa Dagen og Artikkel 18

Å Gud! Hjarto våre blør med tanke på desse tre.
Gode Far! Må du gripa inn med stor kraft i desse tre sine liv, og fri dei ut frå fangenskapet.
Me ropar til deg for barnet til Narges. Må det ikkje hamna i feil hender. Det tilhøyrer deg og mora og faren, og ingen andre.
Denne naude er større enn me kan bera. Me er så hjelpelause, og den einaste som kan hjelpa er du.
Må det reisa seg eit stort internasjonalt press mot styresmaktene i Iran som gjer at dei ikkje lenger kan halda desse i fengsel.
Me ber i Jesu namn, amen!

Ingen kommentarer:

Dagens unådde folkeslag: Dusadh i India

  Dusadhfolket telover 6 millionar menneske. 0.03% er kristne.  Dei snakkar hindi, og er hinduar.  Dusadh er lågkastefolk som utviser stor k...