tirsdag 25. februar 2025

Dagens unådde folkeslag: Dhobi i India


Bilete: joshuaproject.net

Dhobifolket tel 13 770  000 menneske. 99,97% av dei er hinduar. 0,02% er kristne.  Dei snakkar hindi.  Dhobiane driv med klesvaskeri, og tilber dei gudane som dei til ei kvar tid meiner kan hjelpa dei med reint praktiske og økonomiske ting. Dei er veldig pragmatiske i trua si. 

Be om at 
dei skal få høyra evangeliet om Jesus,
dei skal bli opplyste av Den Heilage Ande,
under og teikn som stadfester evangeliet skal skje mellom dei,
dhobikyrkjer skal bli planta over heile India














Dagen norske kommune: Bjørnafjorden i Vestland

 

Kart: Wikipedia

Innbyggjartal: 26000. 
Kommunesenter: Osøyri
Næringsliv: Industri, kraftproduksjon, jordbruk, havbruk, tenesteyting.
Kommunen ligg tett opp til Bergen. Den nye tunnelen frå Os gjer at reisetida er blitt korta ned til 20 minuttar, og mange i Os jobbar i Bergen. 
Kyrkje og kristenliv: DNK har to sokn: Os og Fusa.
Indremisjonen står sterkt. Så har dei ein etter måten ny kyrkjelyd som kallar seg Influx. 

Takk Gud for alle dine sanne barn i Bjørnafjorden. Må dei stå deg nært. Forny dei ved ditt ord og din Ande. Fyll dei med kraft og nåde. Grunnfesta dei i ditt ord. Gjer dei sterke og ekspanderande i striden for evangeliet og det gode. Hjelp dei truande å stå saman i lovsong, bøn, diakoni og evangelisering, og må ditt kall til omvending og tru nå ut til alle innbyggjarane der. Aus Anden din ut over Os og Fusa slik at dei som bur der kan koma til levande tru på Jesus. Hald di vernande hand over familiane slik at dei held saman i gode og vonde dagar, og fyll heimane med lys, glede og varme. Må alle barn og unge i Bjørnafjorden ha ein trygg og god oppvekst. Velsign den politiske og administrative leiinga, skulane og helseinstitusjonane, politiet og dei andre offentlege etatane, samt alt godt og sunt næringsliv.  Må alle vaksne i kommunen leva edruelege liv, og vera gode føredøme for barn og unge. Må det gå Bjørnafjorden vel, det ber me om i Jesu namn. Amen!



Mojbata Irani arrestert i Tyrkia for å bli sendt ut av landet

 

Foto: Article18


Mojtaba Irani flykta til Tyrkia i 2013 etter å ha vore fengsla og torturert for si nyvunne kristne tru i Iran. Han, som dei fleste andre kristne konvertittar i landet, vart klaga for å ha drive på meg ting som å driva med propaganda mot den islamske republikken Iran.  Styresmaktene vert aldri leia av å koma med slike meiningslause påstandar om enkle kristne i landet som forkynner evangeliet om Jesus og deler ut kristen litteratur. 

Sjølv om Mojbata har vore i Tyrkia i 12 år snart, har han aldri blitt kalla inn til invervju der han har fått lagt fram saka si. Difor har han vore utan flyktningestatus, og har ikkje kunna nyta godt av det vern Flyktningekonvensjonen gjev folk på flukt.  Den 29.januar i år vart han arrestert og fengsla med tanke på deportasjon til Iran. 

Tyrkiske styresmakter har dei siste åra sett seg lei på utanlandske kristne misjonærar i landet, og har utvist mange av dei, både amerikanske og tyske, og no er dei begynt å aksjonera mot iranske kristne for å deportera dei til Iran der slike som Mojbata Irani garantert vil bli arrestert og utsett for tortur. Han er per i dag blitt frårøva alle dei grunnleggjande menneskerettane sine: trusfridom, ytringsfridom, retten til asyl, retten til ikkje å bli utsett for tortur, retten til å få saka si prøvd for ein uhilda domstol. Det har han felles med mange andre iranske flyktningar i Tyrkia. 

Be om at Gud må sjå i nåde til Mojbata Irani slik at han kan få saka si prøvd for ein uhilda domstol i Tyrkia, at han skal sleppa deportasjon, at han må få erfara at Guds vern og nærvær, at han er djupt elska og at han kan bli godkjent som FN-flyktning og overført til eit land her i vesten. 


Austerrike

 

Kart: Operation World

Det bur 9 mill menneske i Austerrike. Landet er prega av sin rike historiske arv frå den tida då Austerrike-Ungarn var ei stormakt i Europa, og Habsburgarane var involvert i mange kongehus, og dominerte i europeisk politikk. Wien er verdas musikkhovudstad. Her budde Mozart, Beethoven, Haydn, Schubert, Brahms og Mahler, som alle komponerte udøyeleg musikk. Byen er prega av vakre bygningar med rik ornamentering og utsmykking. 

Austerrike er ein turistnasjon der skiturisme kanskje er det viktigaste segmentet. 

84% tilhøyrer den romersk katolske kyrkja, men berre eit fåtal kjenner Jesus. På mange vis framstår menneska der som unådde. 0,5% er med i evangeliske kyrkjer. Rekruttering av nye pastorar er svært vanskeleg. 

Be om at Gud skal drive arbeidsfolk ut til sin haust i Austerrike
Be om at unge kristne skal kallast til evangelistar og pastorar
Be om at alle truande skal bera med seg eit frimodig vitnemål om Jesus ut i kvardagen
Be om at dei truande skal vera lys og salt i samfunnet
Be om at det skal oppstå ei sterk bønerørsle mellom dei kristne
Be om at dei skal få augo opp for kor viktig det er å planta nye kyrkjelydar


Dagleg bøn for Noreg

 Gode Gud!

Reis opp kyrkja di i Noreg og gjer henne levande, varm, sann, kraftfull og godt synleg for alle.

Må ditt inntrengande kall til omvending og tru gå ut frå di kyrkje til kvart einaste menneske i dette landet.

Gje kyrkja di velutrusta og åndsfylte leiarar som elskar deg og sine medmenneske, forkynner ordet ditt med truskap og lever etter dine bod.

Må alle som trur på deg ta opp krossen sin og følgja deg tett.

Reis opp apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar som kan utrusta dei heilage til all god gjerning, og som kan tala inn i samfunnsleiarane sine liv.

Me ber om kyrkjelydar og kristne som er prega av misjonsiver, Andens kraft, Andens gåver og Andens gode frukter.

Må ditt mektige ord, det tviegga sverdet, råka nordmenn djupt i samvitet slik at dei vert forskrekka over syndene sine, tek avstand frå dei, vender seg bort frå dei og famnar deg og di frelse.

Må du transformera Noreg med Den Heilage Andens kraft.

Hald di gode hand over kongen og familien hans. Før dei på dine vegar, og gjer dei til gode kristne førebilete for nasjonen.

Må ditt lys skina for dei som sit på Stortinget og i Regjeringa. Gje dei å venda om til deg, bøya seg for deg og for ordet ditt. Gje dei klåre tankar, varme hjarto og visdom til å gjera rette prioriteringar.

Må lovene i landet vårt bli harmoniserte med dine lover.

Må barna i mors liv få rettsvern heilt frå dei er avla.

Må barn og unge få veksa opp i rusfrie heimar.

Må dei vera trygge i eigne kroppar, og ikkje bli utsette for kjønnsideologiske løgner.

Må LHBT+ rørsla bryta fullstendig saman under tyngda frå sanninga.

Må alt sunt og ærleg næringsliv gå godt, og alle uærlege og unyttige føretak forvitra.

Må nye grundarar dukka opp, og ny industri veksa fram.

Me ber om gode kår for bøndene, og at du vernar dei mot flaum, tørke, ulukker, skade og sjukdom på husdyr. Gje gode vekstvilkår for korn, poteter, grønsaker, bær og anna frukt.

Må Noreg bli kjent for å vera eit land som gjev vern og underhald til enkjer, farlause, innflyttarar, flyktningar og fattige.

Me ber om at Noreg skal bli eit raust og gjestfritt land å bu i.

Me ber om nye kristne skular på alle utdanningsnivå

Me ber om at kristne skular skal få same økonomiske vilkår som offentlege skular.

Me ber om eit oppegåande helsevesen som tener folket vel.

Me ber om politifolk med friske kroppar, klåre hjernar og varme hjarto.

Me ber om vern mot kriminelle bandar og mafigrupper.

Me ber om at politi og rettsvesenet skal ha nok ressursar til å handtera oppgåvene sine godt.

Me ber om sterke kristne aviser og mediebedriftar, og om redaksjonar med høge krav til innhald og kvalitet.

Me ber om eit sterkt, effektivt og funksjonelt forsvar.

Vakta du grensene våre, og vern oss mot alle former for åtak utanfrå, inkludert russisk hybrid krigføring.


mandag 10. februar 2025

Afghanistan

 

Kart: operationworld.org

Afghanistan har over 43 millionar innbyggjarar. Dei største folkegruppene er pashtun (Taliban), tadsjik, turkmen og uzbek. 

70% snakkar dari, som er i slekt med farsi.  Bibelen føreligg på dari pashto. 

Etter at Taliban jaga amerikanarane ut i 2021, har landet blitt isolert frå verdssamfunnet. Alt har endra seg, særleg for kvinner og religiøse minoritetar. No er det sunnimuslimsk wahabbisme som rår. Kvinner får knapt gå utanfor husdørane, og dei må dekka seg heilt til når dei går ut (saman med ein mann i slekta) og dei får ikkje lenger ta utdanning. Når dei blir gravide, kan dei ikkje motta korkje medisinsk hjelp eller fødselshjelp frå menn, og resultatet blir mange dødfødslar og kvinner som døyr i barsel. Fattigdomen er stor og blir stadig større. Helsehjelp er svært avgrensa. MaStore deler av jordbruksarealet går til dyrking av opiumsvalmue, og 1/3 av BNP kjem frå produksjon og sal av opoider (heroin). Me må gå ut frå at denne businessen skaffar dei styrande de pengar til våpen. Taliban la i 2022 ned forbod mot opiumdyrking, men året etter hadde produksjonen auka med 32%. Det står imidlertid klårt for meg at tala frå Afghanistan er usikre greier. 

Etter at Taliban overtok i 2021, har mange kristen flykta frå landet, og det gjekk rykter om kraftig forfølging. Det er ingen grunn til å tvila på det. Likevel går det rykter om at stadig nye afghanarar kjem til tru, og at undergrunnskyrkja veks. Me får håpa det er sant i eit land der det er 48000 moskear og ingen kyrkjebygg. 

Herre Jesus Kristus, du som døydde for alle menneske for å føra oss til Gud, sjå i nåde til afghanarane slik at evangeliet når fram til dei og finn vegen inn til det inste i hjarto deira, og frir dei frå islams løgner og lenker. Må du gå fram i Afghanistan og sigra i folk sine liv. Må ordet ditt gjera sin mektige gjerning slik at islam blir fasa ut på alle nivå, og bli erstatta av kristen tru og kristne verdiar og lover.  Eg proklamerer åndeleg og politisk fridom over landet og folket i ditt namn. Eg  ber om at opium skal bli erstatta med næringsrike nytteplanter, at landet skal reinsast for vald og at hemn skal erstattast med nåde. Eg ber om at både jenter og gutar skal få gå på skule og skaffa seg solid utdanning, og at landet skal få eit godt helsevesen. Amen! 



onsdag 5. februar 2025

Sverige i ferd med å knela

 11 menneske er drepne i ei masseskyting i Örebro i går. 6 er alvorleg skada. 

Denne skytinga kjem på toppen av all annan gjeng-kriminalitet som snart får heile Sverige til å knela. 

Må det snart enda opp med at svenskane kneler for Jesus.

Gode Gud! Sjå i nåde til Sverige. Hjelp svenskane å venda om til deg for å få  hjelp med dei massive problema som dei er komne opp i, samt bli frelst frå sine synder.

Trøyst og styrk alle som er i djup sorg etter denne skytinga. 

Gje lækjedom til skadde. 

Hjelp politikarar, politi og rettsvesen å få kontroll på situasjonen, og me ber om at Sverige skal bli ein  lukkeleg nasjon der sann kristendom igjen pregar nasjonen. 

Dagens unådde folkeslag: Dusadh i India

  Dusadhfolket telover 6 millionar menneske. 0.03% er kristne.  Dei snakkar hindi, og er hinduar.  Dusadh er lågkastefolk som utviser stor k...