Det er
typisk at med LHBTQ veks det også fram nyreligiøsitet. Slik også i Kanada. Det
ser ut til at desse to rørslene har same åndelege kjelde.
Dei tradisjonelle
protestantiske kyrkjesamfunna i Kanada har mista krafta si pga liberal teologi.
Dei opplever sterk tilbakegang.
Dei fleste
kanadiarane tilhøyrer den romersk katolske kyrkja, men denne har mista tilliten sin etter avsløringa av
alle overgrepa mot barn gjort av prestar og biskopar i teneste, overgrep er
forsøkt tildekka etter beste evne. Denne kyrkja
er i djup, djup krise over heile verda.
Likevel skal
det seiast at den katolske kyrkja i Kanada har ei sterk karismatisk grein. Ut
frå denne har det vakse fram ei fornyingsrørsle som har resultert ny misjonsinnsats frå dei som er blitt
berørte av den Heilage Ande.
Be om at
Gud skal gjesta kyrkjene i Kanada på nytt, frelsa dei namnekristne, vekka dei
truande til evangelisering, misjon, disippelskap og kyrkjeplanting.
Be om ei
ny sterk bønerørsle mellom dei kristne i Kanada, og at dei truande skal vera
lys og salt i samfunnet.
Be om at
dei truande i Kanada må bli kjende for å vera gode menneske som elskar
kvarandre, og som står fremst i rekka når det gjeld å hjelpa og ta vare på
folk.
Be om at
dei truande får nytt mot til å bli synlege, stå opp for Jesus og Bibelen og
forkynna alt det Gud seier om rett og galt sjølv om det kostar.
Be om
fornya einskap mellom dei evangelisk kristne (som i år 1900 utgjorde 25% av
befolkninga) og ein fornya vilje til å stå saman i å fullføra misjonsoppdraget
i landet sitt.
Be om at
kyrkjene skal bli velsigna med gode leiarar som formidlar Guds ord, Guds kraft
og Guds nærvær til folk, personar gjennomsyra av Kristi kjærleik.
Kanada er
det landet i verda som er mest ope for immigrasjon, og har til dels invitert
for til å koma.
Be om at
kyrkja skal bli i standsett til å nå ut til alle desse ulike gruppene av
menneske, og til urbefolkninga i landet.
Be også
om at Kanada skal bli velsigna med gode, kloke og rettsindige leiarar.
Kjelde: Operation World. Lausanne.