Slovakia ligg inneklemt mellom
Ungarn, Russland, Polen, Tsjekkia og Austerrike. Før 1993 var landet ein del av
Tsjekkoslovakia, og før 1989 ein del av kommunistblokka i Europa. Hovudstad:
Bratislava. Slovakia er med i NATO og EU, og valutaen er Euro.
Landet har eit areal på rundt 48000
km2 (som Finnmark fylke), og eit dalande folketal på 5,4 millionar.
Religion: 62% er romersk katolske,
vel 8% protestantiske, 4% er gresk ortodokse, 13% er ikkje-religiøse og resten
er uspesifiserte (alt i følgje CIA World-Factbook).
Styresett: Republikk. Demokrati.
Parlamentarisme.
Landet har ein sterkt veksande
marknadsøkonomi. Eksportindustrien står sterkt, og 40% av arealet er jordbruksland (i Noreg 3%).
Landet ligg sentralt til i Europa, og investeringsviljen frå utlandet er stor.
Slovakia har ein rik åndeleg arv med
seg frå reformasjonstida. Men auka velstand og materialisme har ført til
moralsk relativisme. Mange har mista fotfeste i livet, og sjølvmordsraten er
uvanleg høg.
Be om at Gud enno ein
gong skal gjeste slovakane, og ausa sin kjærleik ut over dette landet og
folket.
Mange nye huskyrkjer veks fram i
våre dagar. I desse er det mykje levande kristendom.
Be om at denne rørsla
skal veksa seg sterk og vera med å bringa tru, liv og håp til det slovakiske
folket.
Jehovas vitner er sterke i Slovakia,
og i mange områder konkurrerer dei ut dei evangeliske kristne.
Be om at lyset frå Jesu
guddom skal bli så sterk i landet at «Jehovas vitner» taper sin attraksjon.
Be også om at dei sanne
kristne skal ta utfordringen frå «vitnene», og læra seg å jobba systematisk med
å vinna sine landsmenn for Jesus.
Be også om at dei
katolske og ortodokse kyrkjene også skal erfara aukande Jesusliv i dei truande
og i forsamlingane sine.
Be om at dei truande i
dette landet skal bli Gudsrike-kristne som følgjer Jesus, kjenner Guds ord og
fungerer i Andens kraft.
Be om at kyrkja i
Slovakia skal bli velsigna med godt leiarskap.
Dei som er minst nådde med
evangeliet er ungararar og sigøynarar.
Be om at Gud sender sine
folk som kan forkynna evangeliet på ungarsk og romani inn i desse miljøa, og at
det skal etablerast kyrkjelydar mellom dei som kan fungera som lysande byar i
det åndelege nattemørkret.