Det er tillate med alle religionar i landet, men forbod for kristne å driva aktiv evangelisering, og forbod for muslimar å byta religion.
5,9 % av dei som bur i landet er kristne. Dei fleste er katolikkar. 1% evangelikale
Herre Jesus. Din kjærleik og di frelse når også ut til dei som bur i Qatar, og som er bundne i falsk religion og synd. Bryt islams makt over liva deira og skap i dei ei lengsle etter frelse. Må evangeliet få føter å gå på i Qatar, og lat det bli etablert ei nasjonal kyrkje i landet. Kall kristne over heile verda til bønn, og gje dei mange truande frå Asia og Vesten som bur og jobbar i regionen høve til å samlast for å gje kvarandre håp og inspirera kvarandre til ein evangeliseriande livsstil både mellom sine eigne, og mellom dei innfødde muslimane. Takk for alle som vigslar liva sine til å gje arabarane evangeliet gjennom radio og TV. Må Ordet ditt nå fram til hjarto gjennom eteren og bli til frelse for stadig fleire også i Qatar. Herre, miskunna deg. Amen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar