lørdag 1. oktober 2011

Kyrkje plyndra, påtent og brent ned Egypt


Ein mobb på 3000 Salafimuslimar gjekk, saman med andre ”hard-line” muslimar fredag kveld til åtak på Mar Gerges kyrkja i landsbyen Elmarenab i Aswan i Øvre Egypt. I følgje www.compassdirect.com plyndra dei henne for inventar, sette fyr på henne og reiv ned restane som sto att. Så raserte og plyndra dei heimane til fire kristne familiar som budde nær kyrkja, likeeins to forretningar i området eigd og drivne av kristne.

Dette er den tredje kyrkja som på vel eit halvt år blir tent på og nedbrent av muslimsk mobb i Egypt. Den siste tida har dei kristne koptarane fått løyve frå styresmaktene til å renovera nokre av kyrkjene sine. Men militante muslimar, som det er mange av i Egypt, toler ikkje dette og plyndrar og tenner på kyrkjene etter kvart som dei vert ferdigstilte utan at styresmaktene gjer noko for å stilla dei til ansvar for ugjerningane.

Kjære Far! Takk at du vaker over di truande kyrkje i Egypt, at du trøystar dei kristne når dei lid tap, og styrker dei når kreftene tek slutt. Muslimane brenn ned kyrkjene deira, men lat du Andens eld brenna i hjarto slik at heile Egypt blir tent i brann av din kjærleik, i samsvar med dine lovnader i Jesaja 19. Herre, miskunna deg, amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...