onsdag 28. september 2011

Nye åtak mot kristne i Nigeria


Compass Direct medler at muslimske ekstremistar frå gruppa Boko Haram Islamic drap 5 kristne i delstaten Niger og 3 i delstaten Kaduna henoldsvis 22. og 17 september. Ein av dei drepne var den 13 år gamle Goudiya og nevøen hennar Istifanus Daniel.

Drapsmennene gjekk inn i forretningane som desse kristne driv, utfordra dei truande å sitera eit vers frå Koranen. Kunne dei ikkje det, vart dei tvinga ut og skotne under open himmel.

Den siste månaden har meir enn 100 kristne vorte drepne i Nigeria. Dei treng vår forbøn.

Herre Jesus! Me ropar til deg for dei kristne i Nigeria som er utsette for fælslege forfølgingar. Verna dei mot vondskapen. Lat dei som planlegg fleire åtak mot dine barn mislukkast i planane sine, og lat dei som grev graver for andre sjølve falla i dei. Våre tider er i dine hender. No ber me om at du skal gå fram i din herlegdom i dette landet og undertrykka djevelen og hans marionettar, og hjelp dei kristne å bli ståande fast i trua og vera heilt dedikerte til deg, kvarandre og ditt rike. Herre, miskunna deg, amen.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...