mandag 14. juni 2010

Jødisk bøn med kristen tilpasning


Prisa vere du, vår Herre Jesu Kristi Far, våre fedrars Gud, Abrahams, Isaks og Jakobs Gud! Du den store og mektige som fortener all ære og pris. Du den opphøgde som gjer det gode, og som er opphavet til alle ting, du som kom i hug velgjerningane mot fedrane og som i kjærleik sende ein utløysar til oss. Du er konge, hjelpar, frelsar og skjold, prisa vere du, Herre, Abrahams skjold.

Du, Herre, er mektig til evig tid. Du vekkjer dei døde til liv, og er mektig til å frelsa! I din godleik held du oppe alt som lever, i di store miskunn vekkjer du dei døde til liv. Du støttar dei som fell, lækjer dei sjuke og set fri dei som er fanga. Du syner truskap mot dei som kviler i støvet. Kven er som du, du som gjer storverk? Kven er lik deg, konge, du som tek liv og gjer levande, du som let di frelse spira fram. Du er trufast, som vekkjer dei døde til liv. Prisa vere du, Herre, du som vekkjer dei døde til liv!

Du er helag, ditt namn er heilagt! Dei heilage lovprisar seg kvar dag. Prisa vere du, Herre, Heilage Gud!

Du gjev menneska kunnskap og forstand. Gje oss frå deg kunnskap, forstand og fornuft. Prisa vere du, Herre, som gjev kunnskap!

Vår Far, gje oss å venda tilbake til ditt Ord. Vår konge, lat oss koma nær og tena deg. Gje oss å venda om, fullt og heilt, framfor deg. Prisa vere du, Herre, som har godhug for den som omvender seg!

Tilgje oss, vår Far, for me har synda! Forlat oss, vår konge, for me har forbrote oss! Du er den som tilgjev og forlet. Prisa vere du, miskunnsame Herre, som tilgjev i rikt mål!

Sjå til oss i vår trengsel, kjemp for oss og løys oss ut snart for ditt namn skuld – for du er ein stor utløysar. Prisa vere du, Herre, Israels utløysar.

Læk oss, Herre, så blir me lækte! Frels oss, Herre, så vert me frelste! For du er lovsongen vår. Gje full lækjedom for alle såra våre – for du, Gud og konge, er ein trufast og miskunnsam lækjar. Prisa vere du, Herre, som lækjer dei sjuke i ditt folk, Israel.

Velsign du, vår Herre og Gud, dette året og all grøda i det. Lat jorda bli velsigna. Mett oss med din godleik, og lat dette året bli eit godt år. Prisa vere du, Herre, som velsignar åra!

Blås i den store shofaren (bukkehornet) og set Israel fri! Samla dei landflyktige frå jordas fire hjørner. Prisa vere du, Herre, som samlar dei fordrivne i ditt folk, Israel!

Set inn leiarar for oss, apostlar, profetar, evangelistar, hyrdar og lærarar, slik det var i byrjinga. Lat trengsel og angst vere langt borte frå oss. Hersk over oss, du åleine, Herre, i truskap og miskunn, og kjenn oss rettferdige i domen. Prisa vere du, Herre, som elskar rett og rettferd.
Lat alle som utset andre for tap og smerte bli innhenta av rettferdig dom. Lat vondskapen bli rykt opp med rot, bli broten og underkua, ja, snart, i våre dagar. Prisa vere du, Herre, som knuser fiendar og audmjukar spottarar.

Må di miskunn tennast, Herre, vår Gud, for dei rettferdige og dei gudfryktige, for dei eldste og for oss alle. Gje stor løn til dei som i sanning flyr til ditt namn, gje oss for evig ein arvelut som deira. Lat oss ikkje bli til skammar, for me har flydd til deg. Prisa vere du, Herre, vernet og støtta for dei rettferdige!

Vend i miskunn tilbake til byen din, Jerusalem. Bu i han, slik som du har sagt, og bygg han som ein evig bygning, ja, snart, i våre dagar, og bygg der Davids trone. Prisa vere du, Herre, som byggjer Jerusalem.

Lat Jesus, tenaren din, snart koma attende, og lat augo våre få sjå at du vender attende til Sion i miskunn. Lat krafta di stå fram ved di frelse – for til di frelse set me vår von kvar dag. Prisa vere du, Herre, som let di frelse spira mektig fram!

Må alt som lever, takka deg! Må dei i sanning prisa ditt namn, du, Gud, vår berging og vår hjelp. Prisa vere du, Herre, ditt namn er godleik, det er rett å takka deg!

Gje fred, lukke og velsigning, gje nåde og miskunn, over oss og heile ditt folk. Velsign oss alle med lyset frå ditt åsyn, du vår Far. For i lyset frå ditt åsyn har du, Herre vår Gud, gjeve oss livsens Ord, vist oss nådig kjærleik, rettferd og miskunn, liv og fred. Sjå i nåde og velsign ditt folk, Israel med fred kvar stund og tid. Prisa vere du, Herre, som velsignar ditt folk Israel, med fred. Amen!

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...