fredag 4. juni 2010

Misjonær + 3 drepne i India

Kyrkja under krossen

Misjonær myrda i Inda

Den indiske misjonæren Ajit Bansi vart brutalt myrda saman med tre medarbeidarar i delstaten Assam den 20.mai i år. Dei hadde henta nokre byggjematerialer til det nye kyrkjebygget som var under oppføring. Det var menn frå ei antikristen militaristisk gruppe som gjennomførte drapa. Mennene vart skotne, og kroppane deira vart liggjande i vegkanten. Dette skjedde dagar før den nye kyrkja var ferdig til bruk. Ajit Bansi var pastor i ein veksande kyrkjelyd med 60 medlemmer.

Lat oss be for familiane til dei drepne. Pastor Ajit døydde bort frå kone og to små barn. Be om trøyst for familiane, og om at dei kristne solidarisk stiller opp for dei attlevande. Be også om at dei kristne må ha ei fast tru og eit usliteleg mot til å halda fram med å realisera Guds oppdrag trass i forfølging og trugsmål.
Kjelde: www.persecution.net og Gospel for Asia.

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...