mandag 14. juni 2010

Bøn for dei kristne i Nord-Irak


I dag ber me for dei kristne i Nord-Irak. Den 7. juni vart den kristne forretningsmannen Hani Salim Wadi (34) skoten og drepen utanfor heimen sin i Kirkuk. Presset mot dei kristne i landet held fram med uforminska styrke, og mange kristne i Kirkuk og Mosul er dei siste månadane sett under stort trykk.

Gode Jesus! Du som sjølv vart drepen av vonde og gudlause menneske, styrk kona og dottera til Hani Salim Wadi, gje dei styrke og håp i den store sorga som har råka dei. Vern dei kristne i Irak mot frykt, og gje dei visdom og mot til å tena deg frimodig midt i fiendeland. Herre, miskunna deg! Amen.

Ingen kommentarer:

Allmektige, gode Gud! Sjå i nåde til alle i det jødiske samfunnet i Australia som i dag vart utsette for terror under feiring av Hanukkah. T...