lørdag 13. mars 2010

Marokkanske styresmakter slår til mot kristne hjelpearbeidarar

Compass Direct melder at marokkanske styresmakter denne veka deporterte meir enn 40 kristne hjelpearbeidarar ut av lanet , mellom dei fosterforeldre for 33 foreldrelause born. Dette skjedde etter ein landsomfattande aksjon der det klårt uttalte målet var å fjerna alle utanlandske kristne i landet, og særleg dei frå USA. Den siste månaden har totalt 70 utanlandske hjelpearbeidarar, forutan dei amerikanske også folk frå Storbritannia, New Zealand og Nederland. Den 6. mars kom politiet til landsbyen Village of Hope for å forhøyra borna og leita etter biblar og evangeliseringsmateriale. Det vert meldt om hjarteskjerande scenar då politiet tok borna med til ukjent mål.

Bøn: ”Gode Far, du som er ein far for foreldrelause og ein forsvarar for enkjer. Ver nær hos dei barna som no er råka av grov urett frå marokkanske styresmakter si side, og som for andre gong i sine korte liv er blitt frårøva omsorgspersonane sine. Må du, store Gud, verna dei mot alt det vonde som menneske kan påføra dei, og vera det for dei det som no ingen menneske kan. Hjelp dei slik at dei kan koma til vaksne som kan gje dei kjærleik og tryggleik, og må du i din godleik lækja hjarto deira og ved Den Heilage Ande minna dei om alt dei har lært om din godleik og om Jesus. Amen.”

Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...