torsdag 4. mars 2010

Woloffolket i Senegal

Folketal 4,5 millionar. Religion: Islam. Under 2% kristne. Har NT på eige språk. Woloffolket har tradisjonelt vore vanskelege å nå med evangeliet. Dei er spreidde over store deler av Vest Afrika, dei fleste er jordbrukarar som bur i landsbyar, men stadig fleire reiser inn til storbyane i området for å skaffa seg jobbar der. Så mange som 15000 wolofar bur faktisk i New York.

Bøn: "Herre Jesus, du som gav livet ditt til forløysing for woloffolket, lat Ordet om krossen nå inn til hjarto deira og gje dei omvending til livet og samfunn med Gud. Gje dei få kristne i dette folket veksa i nåde og kjennskap til deg og representera deg på ein verdig måte. Uttrykk deg gjennom liva deira slik at dei gjer eit uutsletteleg inntrykk på frendane sine. Amen!"

Ingen kommentarer:

Storbrann i Drammen

 Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt.  De...