55 millionar menneske som lever spreidd ut over heile India. Dei som bur i sør snakkar dravidiske språk, medan dei som bur i nord snakkar indo-europeiske (ariske) språk. Dei er vaskeekte hinduar som tek religionen sin alvorleg. Dei praktiserer i stor utstrekning astrologi. Barnearbeid er utbreidd mellom dei, og eit stort sosialt problem. Skulegang og utdanning er i hovudsak for gutar.Kjelde: Joshuaproject.net/India Missions Association
Bøn:
"Gode Jesus! Frelsa tilhøyrer deg åleine, og du gjev frelse til folkeslaga som ei gåve! Me ber: Lat frelsa di bli yadavafolket til del. Send tenarane dine til dei for å bu mellom dei, syna dei din kjærleik og dela evangeliet med dei. Lat det finnast ei open dør for Ordet hos yadavafolket. Send din Ande over dei, og hjelp dei å ta eit kraftig oppgjer med barnearbeid og all annan urett som dei lever i. Lat jentene få same menneskeverd som gutane, og dei same sjansane til skulegang og utdanning. Løys dei i ditt mektige namn frå alle bindingar til magi, astrologi og spådomskunst. Gje dette folket fridom, barnekår hos Gud og evig liv, og lat dei vera berarar av ditt ljos til andre folkegrupper i India. Amen!"
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar