mandag 2. mars 2009

Tukulor frå Senegal

Tukulorane tel omlag 1,1 millionar menneske og lever i dalen langs Senegalelva. Det utgjer fleire stammer som snakkar kvart sitt språk. Men arabisk er også utbreidd mellom dei. Tukulorane er delt inn i 4 ulike klassar, som på si side er delt inn i 12 kastar. Det sosiale livet deira er ein miks av urgamle tradisjonar og muslimsk skikk.
Dei vart islamiserte på 1100-talet, og er ganske dogmatiske muslimar. Omskjæring av jenter er vanleg. Polygami også.
Dei dyrkar jorda og driv med kveg. Folkeauken dei siste åra har gjort livsvilkåra stramare for dei. Neddemming av Senegalelva resulterer i at mange må flytta, og det er blitt mangel på tilgang til reint vatn. Det er ein stor trong for kristne helsearbeidarar som kan leva mellom dei og praktisera Kristi kjærleik mellom dei.

Bøn: "God far! Eg legg i dag tukulorane fram for deg. Du skapte dei for at dei rettferdige og utan otte skulle kunna tena deg, frelst og fri frå synd og skuld. Fri dei frå den store makta som islam har over sinn og tanke, og frå alle djevelen sine lygner. Gjer Jesus kjent for dei gjennom syner og openberringar, og gjennom Ordet og kyrkja. Lat det bli etablert eit fellesskap av frelste tukulorar som kan vinna stammefrendane sine for Jesus. Lat det skje under og teikn mellom dei når dei ber til deg i Jesu namn. Lat riket ditt koma og viljen din skje i dette folket. Herre, miskunna deg. Amen!"



Ingen kommentarer:

Ei bøn for Israel under åtak

•         Abraham, Isak og Jakobs Gud, vår Herre Jesu Kristi Far! •         Landet og folket ditt er under åtak, og dei fleste av verdas l...