mandag 29. desember 2025

Oslo

 




Oslo er landet sin hovudstad, og har eit innbyggjartal på 724290. Det er kraftig aukande. 
Mange av jobbane i hovudstaden er knytt til styre og stell av heile landet. Byen er vert for staten, Slottet, Stortinget og regjeringskvartalet er sentrale i bybildet, og rommar mange arbeidsplassar, og statsapparatet prear byen i stor grad. Dessutan er det eit yrande forretningsliv, ein god del industriproduksjon og masse kultur. 
Kyrkje og kristenliv: Her er dei aller fleste kyrkjesamfunn og organisasjonar representerte. DNK har  for sin del 38 sokn, men her finn me baptistar, pinsevener i mange fasongar, adventistar, metodistar, Frelsesarmeen, Frie evangeliske,  Frikirken, Normisjon og NLM, alle med store forsamlingar. 
Likevel er berre 2% av Oslo sin befolkning aktive kristne, og stadig fleire forsamlingar blir liberale i samlivsetikken og aksepterer homofilt samliv. Det legg eit betydeleg press på kristne i resten av landet til å vika av frå Herrens veg. 
Oslo har historisk sett vore eit senter for kristen vekking i Noreg. Både på starten av 1900-talet,  og i førkrigstida på 1930-talet var byen i stor grad prega av eit sterkt åndeleg liv. Stor menneskeskarar samla seg om Guds ord, og omvendingane var mange. 
I dag er byen ein multikulturell by med mange muslimske innvandrarar som bur på Grønland, aust i byen. Der er fattigdomen synleg, og levealderen nesten 10 år lågare enn vest i byen. 
Den siste tida har Oslopolitiet vore fullt opptekne av å stansa kriminelle gjengar som hyrer barn og unge til å utføre alvorlege brotsverk som drap, grov kroppsskade samt skade på eigedom, alt saman narkotikerelaterte brotsverk. 

Herre Jesus! Må du enno ein gong gjesta Oslo og ausa Anden din ut over dei som bur der. Landet vårt treng at du grip inn i hovudstaden i høve til alle som har styringsansvar, den store muslimske befolkninga og dei som er involvert i grov kriminalitet. Må du, Herre, ta kontroll over byen, opplysa kvart menneske med ditt ord og din Ande og bli dei til frelse. Takk for dei kristne i byen, og takk for alle kyrkjelydar og forsamlingar der ordet ditt vert forkynt sant og reint, og som erfarer vekst. Må det ta seg kraftig opp i tida som kjem. Me ber om ærlege, gudfryktige, heilstøypte, kloke og visjonære leiarar i byen, både innafor politikk, næringsliv og offentleg administrasjon. Gje politiet alt dei treng av ressursar for å løysa oppgåvene sine Me ber om at du vernar barn og unge mot usunn påverknad, negative og vonde krefter og alt som kan bli til skade for dei, og gjer deg kjent for dei. Me ber om gode, varme og stabile heimar fri frå rus og vald. 





søndag 28. desember 2025

Dagens unådde folkeslag: Purohit-brahminarar i India

 Folketal: 112000. Religion: Hinduisme

Utbreiing: Sjå kart frå joshuaproject.net 


Desse menneska satsar hardt på høgutdanning. Dei har ein høg arbeidsetikk, og er rekna for å ha høg kredibilitet. Men ingen av dei har nokon gong høyrt om Jesus. 

Be om at dette må skje no i næraste framtid, og at dei som presenterer Jesus og Guds frelse for dei gjer det på ein truverdig og sterk måte. Be om at Gud ved sin Ande skal løysa dei frå alle dei mektige åndene som bind dei til hinduismen sine løgner. 



Luster i Sogn i Vestland

 


Folketal: 5432
Kommunesenter: Gaupne
Næringsliv: Jordbruk, kraftproduksjon, turisme (store deler av Jostedalsbreen ligg i Luster), småindustri. 
Kyrkje og kristenliv: Den norske kyrkja har elleve kyrkjebygg og eitt kapell. To av kyrkjene er nesten 1000 år gamle. Kommunen har også 4 bedehus, dei fleste bygde tidleg på 1900-talet som eit resultat av Haugevekkinga på 1800-talet som fekk eit kraftig nedslag i dette området. Denne vekkinga var gjennomgripande (berre lensmannen og presten var uberørte, vert det sagt), og sette varige spor i bygdane, og mange av haugeianarane vart samfunnsleiarar. 

Gode Gud! Sjå i nåde til alle som bur i Luster i dag, og lat dei få møta Jesus på ein så levande måte at dei tek imot han som den gåva frå himmelen han er til og for oss alle. Må dei truande i kommunen vera åndsfylte og tydelege i sitt kristne uttrykk, personar som det lyser Jesus av, personar med ryggrad og kristen karakter, folk som er til å stola på. Velsign Luster med gode leiarar på alle nivå, ta vare på dei unge slik at dei ikkje rotar seg bort i rus, kriminalitet eller seksuelle synder. Styrk samhaldet i heimane slik at dei held saman i gode og vonde dagar, og lat dei vera prega av varme og glede. 
Må vekkinga gripa tak i lustringane enno ein gong, og lat det veksa fram nye kyrkjelydar i kommunen der Guds ord blir forkynt klårt og reint, og der nye kristne kan finna seg heim der dei kan veksa i nåde og kjennskap til Jesus. Amen! 


To kristne drepne i attentat mot kyrkje i Nigeria

 Søndag 7. desember gjekk væpna angriparar inn i St. Andrews anglikanske kyrkje i Isiokwe i delstaten Anambra, medan presten og andre kyrkjegjengarar førebudde seg til morgongudsteneste. Det vart sagt at gjerningsmennene leita etter presten i kyrkja, som heldigvis klarte å rømme i sikkerheit. Men prestekona og eit anna kyrkjemedlem vart tragisk nok skotne og drepne, medan fleire andre kyrkjegjengarar vart såra under den vilkårlege skytinga.

Angriparane forårsaka òg betydelege eigedomsskadar, ved å setje fyr på delar av kyrkjebygget, køyretøy og andre eigedelar. Prestebustaden vart fullstendig øydelagd i brannen. Sjølv om gjerningsmennene framleis er uidentifiserte, har politiet starta ei etterforsking og sterkt fordømt valdshandlinga.

Statens politimeister skildra hendinga som ei "avskyeleg og avskyeleg handling" som er "eit alvorleg angrep på våre felles verdiar om fred, livets ukrenkjelegheit og fridom til å tilbe." For å sjå andre rapportar om forfølginga av våre kristne brør og systre i Nigeria, gå til vår landrapport.

Be om at "all trøysts Gud" vil trøyste og styrkje alle som sørgjer over tapet av desse to truande (2 Korintarane 1:3). Be Herren om å bringe varig endring til Nigerias tryggleikstilstand i det komande året, og gje sitt folk fridom til å tilbe i tryggleik og fred.  Be også om at alle truande over heile landet må halde fram med å nå ut med evangeliet om Jesus til kvart lokalsamfunn, den einaste bodskapen som kan gje menneska eit evige håp.

onsdag 24. desember 2025

Idretts-Noreg i sjokk og sorg

 Meldinga om at skiskyttar Sivert Guttorm Bakken (27) vart funnen død på hotellrommet sitt i Italia i dag tidleg, har rysta heile Noreg. Han var på treningssamling med landslaget. Det vekker opp minner og kjensler me hadde då symjaren Aleksander Dale Oen døydde heilt overraskande for 13 år sidan. At tilsynelatande friske, unge og veltrente menn brått døyr, er umogeleg å venja seg til. 

Far i himmelen! Sjå i nåde til den næraste familien til Sivert Guttorm Bakken. Kom til dei med trøyst og styrke, og minn dei på at dei kan venda seg til deg med si sorg. Må alle som er berørt av dette ubegripelege dødsfallet kalla på namnet ditt, sørga for ditt andlet, finna håp i deg og hos deg, og eg ber om at dødsårsaka må avklarast raskt, slik at alt som kan falla på plass fell på plass. Amen! 

lørdag 20. desember 2025

Årdal i Vestland

 


Folketal: 5213
Kommunesenter: Årdalstangen
Næringsliv: Industri og kraftproduksjon.
Kyrkje og kristenliv: Den norske kyrkja er det einaste kyrkjesamfunnet som er registrert i Årdal. 

Gode Far! Driv arbeidsfolk ut til din haust i Årdal. Aus Anden din ut over alle som bur der, og gje dei ei djup forståing av at du finst, at dei er skapte av deg, og for deg, at dei er elska og at dei treng å bli frelst frå sine synder. Styrk og forny dei truande som alt bur der, og hjep dei å leva som sanne disiplar. Velsign kommunen med gode og rettsindige leiarar, og med godt fungerande institusjonar. Vern barn og unge mot alt og alle som kan forføra og skada dei. Me ber i Jesu namn. Amen! 




Kronprinsesse Mette Marit

 

Bilete: Pinterest

Kronprinsesse Mette Marit har slite med lungefibrose i sju år. 
No har sjukdomen forverra seg munaleg, og det er snakk om lungetransplantasjon. 

Gode Gud! Me ber i Jesu namn om lækjedom for kronprinsesse Mette Marit. Må di kraft koma over henne, og din Ande reinsa lungene hennar for arrvev. Me ber også om at ho skal få styrke til å bera alle dei påkjenningane og all den smerten som er blitt lagt på henne dette siste året. Amen! 

Dagens nasjon: Mosambik

  Mosambik ligg på austkysten av Afrika, og har 35 632 000 innbyggjarar. 46% er kristne. Dei fleste katolikkar. 11% er evangeliske.  Hovudst...