Sist fredag sette ekstreme muslimar fyr på Arshed Masih (38) i Rawalpindi i Pakistan, fordi han ikkje ville konvertera frå kristen tru til islam. Han ligg livstrugande skada på Holy family hospital. Kona hans vart valdteken av dei same mennene. Be om lækjedom og vern for Arshed og kona hans.
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
onsdag 24. mars 2010
Pakistansk kristent ektepar stygt angrepe av ekstreme muslimar i Rawalpindi
Sist fredag sette ekstreme muslimar fyr på Arshed Masih (38) i Rawalpindi i Pakistan, fordi han ikkje ville konvertera frå kristen tru til islam. Han ligg livstrugande skada på Holy family hospital. Kona hans vart valdteken av dei same mennene. Be om lækjedom og vern for Arshed og kona hans.
lørdag 13. mars 2010
Marokkanske styresmakter slår til mot kristne hjelpearbeidarar
Compass Direct melder at marokkanske styresmakter denne veka deporterte meir enn 40 kristne hjelpearbeidarar ut av lanet , mellom dei fosterforeldre for 33 foreldrelause born. Dette skjedde etter ein landsomfattande aksjon der det klårt uttalte målet var å fjerna alle utanlandske kristne i landet, og særleg dei frå USA. Den siste månaden har totalt 70 utanlandske hjelpearbeidarar, forutan dei amerikanske også folk frå Storbritannia, New Zealand og Nederland. Den 6. mars kom politiet til landsbyen Village of Hope for å forhøyra borna og leita etter biblar og evangeliseringsmateriale. Det vert meldt om hjarteskjerande scenar då politiet tok borna med til ukjent mål. Bøn: ”Gode Far, du som er ein far for foreldrelause og ein forsvarar for enkjer. Ver nær hos dei barna som no er råka av grov urett frå marokkanske styresmakter si side, og som for andre gong i sine korte liv er blitt frårøva omsorgspersonane sine. Må du, store Gud, verna dei mot alt det vonde som menneske kan påføra dei, og vera det for dei det som no ingen menneske kan. Hjelp dei slik at dei kan koma til vaksne som kan gje dei kjærleik og tryggleik, og må du i din godleik lækja hjarto deira og ved Den Heilage Ande minna dei om alt dei har lært om din godleik og om Jesus. Amen.”
fredag 12. mars 2010
Bishnoifolket i India
Bishnoifolket er naturtilbedarar. Dei tel 611000 menneske, og er lokalisert i Punjabområdet, mot grensa til Pakistan. Bishnoi ber namnet sitt etter guden Vishnu, og desse menneska har eit djupt feste i hinduismen.Bøn: "Herre Jesus, du som kom for å setja fangar fri frå synda, døden og djevelen, kom med din Ande og bryt djevelens makt over Bishnoifolket. Vis dei at det finst ein skapar bak skaparverket, slik at dei kan tilbe Han i staden for det han har skapt. Send dine pionerar til dei som kan forkynna ordet til dei som kan forløysa dei og gje dei ei evig von, og som kan gje dei ressursar til å kjempa for alt dei har kjært. Amen"
Salme 108,4: "Eg vil prisa deg mellom folka, Herre. Eg vil lovsyngja deg mellom folkeslaga."
torsdag 4. mars 2010
Woloffolket i Senegal
Folketal 4,5 millionar. Religion: Islam. Under 2% kristne. Har NT på eige språk. Woloffolket har tradisjonelt vore vanskelege å nå med evangeliet. Dei er spreidde over store deler av Vest Afrika, dei fleste er jordbrukarar som bur i landsbyar, men stadig fleire reiser inn til storbyane i området for å skaffa seg jobbar der. Så mange som 15000 wolofar bur faktisk i New York.Bøn: "Herre Jesus, du som gav livet ditt til forløysing for woloffolket, lat Ordet om krossen nå inn til hjarto deira og gje dei omvending til livet og samfunn med Gud. Gje dei få kristne i dette folket veksa i nåde og kjennskap til deg og representera deg på ein verdig måte. Uttrykk deg gjennom liva deira slik at dei gjer eit uutsletteleg inntrykk på frendane sine. Amen!"
torsdag 4. februar 2010
Minangkabau

Minangkabaufolket tel meir enn 6 millionar menneske. og bur på sørvestsida av Sumatra. Dei snakkar sitt eige språk, og dei er muslimar. Nokre ytterst få kristne.
Bøn: Herre, gje dei kristne i dette bli grunnfesta i trua og få frimot til å dela ho med andre. Gje minangkabauane ei gjestingstid der du når inn til hjarto deira med dei gode nyheitene om Jesus, og lat det etablerast ei kyrkje i dette folket der du er nær og gjer dine gjerningar. Amen.
mandag 23. november 2009
Ung kristen mann avretta i Somalia
Compass Direct melder i dag at islamistiske ekstremistar den 14. november avretta den 23 år gamle kristne mannen Mumin Abdikarim Yusuf frå Mogadishu, Somalia, fordi han hadde vitna om Jesus for ein 15 år gamal somalisk gut. Yusuf vart den 28.oktober arrestert for denne “ugjerninga” av folk frå terrorgruppa al Shabaab og sett i varetekt . Den 14 november vart liket at Yusuf funnen i ei avsidesliggande gate i Mogadishu, ille tilredd. Fingrane hans vart brekte og fortennene slått ut.
Bøn: Gode Gud, vår Herre Jesus Kristi Far! Me ropar til deg for dei modige tenarane dine i Somalia. Å Herre, gje dei vern mot vald, død og tortur. Dei betalar ein så høg pris for å vera trufast mot deg. Hjelp dei til å vera kloke som slangar og einfelte som duer. Styrk dei mektig ved din Ande, og set dine gode englar som eit mektig vern om dei. Amen
onsdag 18. november 2009
Kristne kidnappa i Colombia
16 kristne Koguiindianarar i Colombia blir haldne som fangar av sine eigne stammefrendar i ein freistnad på å få dei til å fornekta den kristne trua si. Gruppa av truande inneheld både kvinner, menn og born vart fanga under eit møte som var kalla saman av Koguiguvernøren. Samfunnsleiarane ropte skjellsord til dei gjennom ei heil natt, og seinare vart dei tekne med til eit avsidesliggjande område av reservatet og fekk melding om at dei ikkje ville bli sett fri før dei fornekta Kristus. Dei siste rapportane går ut på at to av dei kidnappa borna er alvorleg sjuke. Guvernøren og hans allierte har også audmjuka ikkjekristne leiarar som har støtta det kristne samfunnet og verna dei mot å bli utviste. Det vert rapportert at guvernøren har til hensikt å fangar dei resterande kristne også og tvinga dei til å fornekta trua. Be om at Jesus er med dei truande venene sine, passar på dei og sørgjer for at dei får fridomen sin attende. Be også om at Herren tek seg av denne guvernøren på den rette måten.
Dagens norske kommune: Nesseby i Finnmark
Kart: snl.no Folketal: 870. Søkkande. Kommunesenter: Varangarbotn Næringsliv: Reindrift, jordbruk og fiske Kyrkje og kristenliv: DNK er o...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Den egyptiske koptiske kristne YouTubaren Augustinos Samaan har anka dommen på fem år med tvangsarbeid etter å ha blitt dømd for «forakt for...