torsdag 9. oktober 2025

Dendifolket i Benin

 Dendifolket tel 329 000 menneske. 0,07% er kristne. Resten er muslimar. I tillegg til muslimske ritualer, praktiserer dei også animisme og trolldom. Det er mykje åndsbesettelse mellom dei som ein følgje av okkulte praksisar. 

Gode Jesus! Dendifolket treng å bli frelst frå sine synder, frå døden og djevelens makt. Må tida vera inne for dette no. Send arbeidsfolk ut til din haust, og gje dei den åndsutrustning som dei treng for å lukkast med å bringa den nye dagen inn i desse menneska sine liv. Amen! 








Qatar

 


Qatar ligg på ei halvøy til den arabiske halvøy, ut i Raudehavet. Det bur vel 3 millionar menneske i dette vesle landet. Alle er muslimar, så nær som nokre framandarbeidarar som arbeider på slaveliknande vilkår. 

Qatar er eit oljeland der folk lever luksuriøse liv og nyt godt av ein svimlande rikdom. 

Qatar prøver i storpolitikken å ri på fleire hestar samstundes. Dei er ven med Hamas og USA, medan USA har stempla Hamas som ein terrororganisasjon på linje med IS. Qatar har gjeve ly til Hamasleiarar, medan Israel, som er USA sin allierte har prøvd å bomba residensen til Hamas i Qatar. På toppen av det heile har presidenten i USA, Donald Trump, store økonomiske interesser i Qatar, og styresmaktene der har lova å gje han ein ny Boeing 737 som presidentens private fly, Airforce 1. 

Far i himmelen! Qatar treng Jesus og ditt ord. Folket der treng frelse, og dei styrande karakter. Og i dag ber om at du skal tilgodesjå dei med alt dette. Me ber i Jesu namn. Amen! 

Gazaavtalen

 I natt vart det signert ein fredsavtale mellom Israel og Hamas i Kairo. Lat oss be om at den i det minste held så lenge at alle israelske gislar får koma heim til familiane sine, og at alle punkt i planen til Trump etter kvart blir implementerte. 

onsdag 8. oktober 2025

Ungdomskriminaliteten i Noreg

 Etter at mindreårige frå innvandrarmiljø den siste tida, på oppdrag frå hardkokte kriminelle i internasjonale nettverk, har sprengt handgranatar i Oslo-området, er folk blitt redde, og politikarar og fagfolk debatterer denne nye kriminaliteten utan å ha dei minste peiling på kva dei skal føreta seg. 

Gode Far! Du er desse gutane sin rett far. Dei har elendige førebilete heima, dei er utsette for omsorgssvikt og stort press. Me ber om at du skal ta deg av dei, du som kjenner dei best og som har forma dei i mors liv, og som har ein heilt annan plan for liva deira enn det som utfaldar seg no. Me ber i Jesu namn om at du skal ta makta frå dei kriminelle nettverka, og me ber om at dei skal løysast opp frå innsida. Me ber om at du skal ordna det slik at desse gutane blir kjent med deg, blir overauste av din godhet, blir interesserte i sunne aktivitetar og i utdanning, og at dei skal frelsast og bergast i alle betydningane av ordet. Og så må du hjelpa dei som jobbar med dei å møta dei på den rette måten. Her trengst det visdom og tolmod. Amen! 

mandag 6. oktober 2025

Polen

 


Polen har vel 38 millionar innbyggjarar. 
Styresett: Demokratisk republikk.
Hovudstad: Warszawa
Jernteppet sitt fall i 1989 starta i Polen med streiken på skipsverftet i Gdansk, og pave Johannes Paul II, som sjølv var polsk,  sitt besøk i landet. Bilete av paven som gav nattverd til Lech Walesa er ikonisk. 
Religion: 86% av dei er romersk katolske. 0,3% er evangeliske kristne. Mariadyrkinga står sterkt i Polen. 

Polen som heilt til 1989 var i Sovjetunionens klør, er no blitt eit moderne vestleg land med medlemskap i NATO og EU. Dei siste 45 åra har landet vore gjennom ein total forvandling, og er i dag ei økonomisk stormakt. 

Polen er nabo med Ukraina, og har krigen på dørstokken, og i desse dagar er polske jagarfly støtt på vengene for å vaka over og forsvara landegrensene. Landet opplever mange hybride åtak frå Russland kvar einaste dag. 

Polen har teke imot 3 millionar flyktningar frå Ukraina. 

Dei evangeliske kristne er i vekst, men 90% av kommunane manglar enno ei evangelisk kyrkje. 

Det er mange sekter i Polen som har hatt stor framgang dei siste åra. 

Ungdomsgenerasjonen er prega av materialisme, og er lite opptekne av åndelege verdiar. 

Landet har eit rikt jordbruk. Men økonomisk betyr industrien suverent mest. 

Be for at Polen også i framtida skal vera ein sjølvstendig nasjon, og at krigen ikkje skal nå dei.

Be om at dei skal vera i stand til å avsløra alle hybride åtak og avskjera fienden

Takk for alle dei truande i landet, og for den vekst me ser innafor den evangeliske rørsla. Be om at Guds barn i Polen skal veksa i nåde og kjennskap til Jesus. 
Be om at katolikkane i landet skal flytta fokus frå Maria og det magiske, og over på Jesus og bøna. 
Be om framgang for evangeliet i alle byar og landsbyar, og at alle store og små samfunn skal ha ei Jesussentrert og misjonal kyrkje i seg. 
Be om at sektene som har fått fotfeste i landet må bli avslørte som løgnarar, og at det polske folket skal tørsta etter sanninga i Jesus Kristus. 
Be om at dei unge ikkje skal la seg bedra av kommersialisme og materialisme, men begynna å lengta etter samfunn med Gud, sin Far. 
Be om at dei ukrainske flyktningane i landet skal bli tatt godt vare på, og at dei skal vera til velsigning for Polen. 

Be om gode åndelege leiarar som elskar Jesus, menneska dei tener og Guds ord
Be om at teologiske løgner skal avslørast og avvisast
Be om at nye truande skal bli forsvarleg disippelgjort

Be om at ånda frå evangeliet skal ha innflytelse på heile landet
Be om at landet skal reinsast frå skammelege synder
Be om at gapet mellom fattig og rik skal tettast
Be om gode skular på alle utdanningsnivå
Be om eit helsevesen som har tilbod til alle innbyggjarane sine
Be mot prostitusjon, rus, vald og kriminalitet
Be om at dei opprørsle muslimane i sør må koma til tru på Jesus og leggja ned våpena sine
Be om eit sunt, ærleg og framgangsrikt næringsliv


Jordan Peterson alvorleg sjuk

 


Det kjem melding om at Jordan Peterson har vore livstrugande sjuk denne sommaren. Det er snakk om lungebetennelse og blodforgiftning (i tillegg til ein eller annan nevrologisk tilstand) som førte han inn i djup koma i ein månad. Familien opplever det som ein enorm åndeleg kamp, og ber oss andre om å delta i bønnekampen for denne kanadiske psykologen som er blitt sparka frå jobben sin fordi han ikkje har vilja bøya seg for den liberale leiinga ved universitetet i Toronto som ville at han skulle undervisa i tråd med moderne synsmåtar på kjønn og seksualitet. 

Oppstadne Herre og frelsar, Jesus Kristus! Takk for at du har overvunne denne sjukdomen. I deg er det lækjedom og siger over alt som bryt ned kropp, sjel og ånd. Me ber i ditt namn om at du skal reisa denne mannen opp frå sjukesenga, og gje han attende til familien. Må du stoppa djevelen i hans plan for å øydeleggja din plan med Jordan Peterson, og me ber om at han skal stå fram frisk og fin og med ein enno klårare bodskap enn før om sanninga i ditt ord og om din nåde i Jesus Kristus for botferdige syndarar. Me utber oss eit mirakel i ditt namn. Amen! 

søndag 5. oktober 2025

Pastorkone og ei veninne kidnappa i Nigeria

 




Søndag 21. september blei kona til ein pastor og eit kvinneleg kyrkjemedlem bortført av ukjende væpna menn i Agyaragu, i Obi kommune i Nasarawa-staten i Nigeria.

Samuel Nasamu, pastor i Word of God Church Agyaragu, hadde nettopp forlatt huset for å besøke eit sjukt medlem av kyrkjelyden då han fekk ein telefon frå kona si, Patience.

“Alt eg kunne høyre var bønene hennar,” sa Nasamu. “Ho kunne ikkje ein gong fortelje meg kva som skjedde.”

I følgje pastoren var det teikn på at dei væpna mennene prøvde å slå opp døra med ein hammar. Då det ikkje lukkast, begynte dei å skyte sporadisk, noko som tvinga kona hans til å opne døra i frykt. Ho og kyrkjemedlemmet blei tekne medan dei prøvde å flykte.

Då Nasamu kom heim, var kona hans, kyrkjemedlemmet og bortførarane borte. Berre deira tre månader gamle baby var igjen.

I følgje Afripost Newspaper kravde kidnapparane $34,000 for å sleppe dei fri. Det blir rapportert at pastoren si kone slit med helsa medan ho er i fangenskap. Under ein samtale med kidnapparane kan ein høyre Patience gråte i bakgrunnen, “Babyen min … babyen min. Kven vil hjelpe meg ut av denne smerta? Nokon, ver så snill, redd meg frå denne skogen.”

“Å vere borte frå den nyfødde har forverra traumet hennar, og tilstanden dei blir haldne i er uuthaldeleg,” sa eit familiemedlem til journalistar.

Dette er ikkje den første hendinga av denne typen kriminalitet. Lokale kidnappingar i Nasarawa-staten held fram med å auke.

Eit medlem av samfunnet, som ønskte å vere anonym, sa: “Vi lever i frykt kvar dag. Kidnappingar skjer regelmessig her — til og med bønder blir målretta. Agyaragu er prisgitt kidnapparar. Vi ber guvernør Abdullahi Sule om å ta akutt handling.”

Historie av Bella Agnello

Herre! Me ber i Jesu Kristi namn om at du skal ta autoritet over desse kidnapparane, og befala dei om å setja begge kvinnene fri. Må dei få erfara di makt, og bøya seg i støvet for deg. Amen! 

Kong Haakon VIII

  Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...