Kjære Jesus! Må nasjonale kristne i Laos få kall til å forkynna evangeliet for poulystamma, og utrust dei for dette oppdraget. Send Anden din over poulyane slik at dei ser Gud, kan sørga over syndene sine, venda seg bort frå dei og tru på deg og di vidunderlege frelse, bli døypte og lagde til di kyrkje. Amen
Jesus vil at hans tempel skal vera eit bønehus for alle folkeslag. Det vil me ta på alvor. Me som trur er hans tempel i dag, og aldri før har me hatt reidskapar som no til å vita kven me skal be for og kva me skal be om. Difor vil me i denne bloggen gje deg informasjon om og hjelp til å be for nasjonar, unådde folkeslag, forfølgde kristne, forutan for folk som kjem opp i kritiske situasjonar. Følg med, og send gjerne inn dine bidrag til jethore@online.no, eller på bloggen sin kommentarplass.
tirsdag 16. desember 2014
Poulystamma i Akhafolket. Laos
Kjære Jesus! Må nasjonale kristne i Laos få kall til å forkynna evangeliet for poulystamma, og utrust dei for dette oppdraget. Send Anden din over poulyane slik at dei ser Gud, kan sørga over syndene sine, venda seg bort frå dei og tru på deg og di vidunderlege frelse, bli døypte og lagde til di kyrkje. Amen
mandag 8. desember 2014
Sjokoladekake, kaffi, fellesskap bibel og bøn i Sentral-Asia
Kristne i Sentral-Asia har dei siste åra hatt større og større vanskar med å samlast til gudsteneste. Dersom dei kjem saman offentleg, kjem dei fort i søkelyset og opplever trakassering. Samlast dei på hemmelege plassar, er det alltid fare for å bli oppdaga. Men no har nokre kvinner i ein hovudstad i eitt av desse lande valt ei heilt ny tilnærming: Dei møtest på kaffibarar og kafèar for å studera Bibelen saman der og be for kvarandre. Dei truande kvinnene har funne ut at det er vanskelegare for styresmaktene å avsløra dei i mengden, enn når dei går for seg sjølv. Denne nye åndelege geriljataktikken er veldig interessant, og kan sikkert fungera også hos oss som ikkje er utsette for direkte forfølging. Kjelde: World Watch MonitorHerre! Me ber om at du passar godt på desse kvinnene, og at ideen deira skal bli kjent og kopiert over alt slik at kristne både der og her kan gjennomsyra samfunnet med Guds ord og bøn.
Thaifolket i Sentral-Thailand
Thaifolket er tenesteviljuge, høflege, venlege og gjestfrie.
Buddhismen er svært synleg i samfunnet, og representerer ei kraft som sameinar befolkninga. Religionen har mange retningar, og er i praksis ofte blanda saman med animisme og folketru.
Ein buddhist har eit heilt anna syn på røyndomen enn det me kristne har. Dei kan vanskeleg førestella seg ein personleglevande Gud som har skapt verda, og som stiller menneska til ansvar. Religionen har ingen plass for Gud, dei trur på lagnaden, og den formar menneska sjølv. Kjelde: www.joshuaproject.net
Kjære Herre Jesus! Send Anden din over dette vakre folket, gjennomlys hjarto deira og gje dei ein djup trong etter å finna sitt opphav i deg, og etter å erfara fridom frå synd og vondskap. Utrust kyrkja di i Thailand med stor kraft og mektige gåver, og gjer ho til ein kanal for di sanning, din kjærleik og lækjande kraft inn i folks liv. Amen!
torsdag 4. desember 2014
Tre sør-afrikanske og to afghanske hjelpearbeidarar drepne i Kabul
Werner Groenewald og dei to tenåringsbarna hans, Rode og Jean Pierre, vart, saman med to afghanske medearbeidarar, brutalt skotne og drepne av talibansoldatar i Kabul 29. november. Attentatet fann stad i gjestehuset der dei budde. Tilbake sit kone og mor Hannelie (til høgre på bilete) med ei ufatteleg sorg. Ho var ute då åtaket skjedde. Familien Groenewald kjem frå Sør-Afrika. (Kjelde: Worldwatch Monitor).
Kjære gode Far! Må du understøtta Hannelie Gronewald i den ufattelege sorga som har råke henne, og me ber om eit veldig vern over alle som reiser til Afghanistan for å hjelpa og lækja. Amen!
![]() |
| Jean Pierre Groenewald |
![]() |
| Rode Groenewald |
Dagens unådde: Dar Hamid frå Sudan
Dar Hamid-folket er, som nesten alle andre i Sudan, muslimar. Dei tel 722000 menneske og snakkar arabisk. Dei er inndelte i 19 ulike stammer, men har èin leiar som dei kallar nazir. Dar Hamid er nomadar. Dei er venlege legg stor vekt på gjestfridom. Den kunnskapen dei har om islam er svært mangelfull. NT, Jesusfilmen og lydutgave av NT er tilgjengeleg for dei. Dar Hamid-folket er i stor grad analfabetar. (Kjelde: joshuaproject.net)
Kjære Herre Jesus! Gjer Dar Hamid- folket kjent for di kyrkje i verda, og send arbeidsfolk ut til din haust mellom dei. Motiver dei til å læra seg lesekunsten, og gje dei ein hunger etter ditt ord i Bibelen. Aus Anden din utover dei og grunnlegg ei levande og sigerrik Dar Hamid-kyrkje, eit lys for alle som lever i mørkret i Sudan. Gode Gud, syn deg for dei som deira kjærlege Far, og løys dei frå djevelens makt og bedrag. Amen!
onsdag 3. desember 2014
36 kristne kenyanske arbeidarar drepne av Al Shabab 2. desember

Landsby i Nord-Kenya. Foto: World Watch Monitor
2. desember kl. 00.30 vart ei gruppe menn som jobba i eit steinbrot angripne av Al Shabab- terroristar medan dei låg og sov i telta sine. Mennene vart utfordra til å sei fram den muslimske trusvedkjenninga, og dei som av samvitsgrunnar ikkje kunne gjera det, vart skotne. 36 kristne menn leid martyrdøden denne natta. Èin person klarte å sleppa unna. Denne grusomme handlinga skal vera ein hemn for kenyanske flyåtak mot Al Shabab-basar inne i Somalia.
Kjære Herre Jesus! Sjå til alle dei familiane som no har mista fedre, ektemenn og forsørgarar. Trøyst dei med den trøyst som berre du kan gje oss menneske i møte med døden. Du som har vunne over dei vonde og mørke kreftene i verda, bind Satan i hans raseri mot di kyrkje, og styrk dine barn i Kenya slik at dei ikkje fell saman i frykt, men frimodig sannar at du Jesus er Herre og slik at forkynner evangeliet midt i martyriet. Me ber om frelse for alle som gjennom islam er fanga av djevelen. Amen!
fredag 21. november 2014
Dargwafolket i Russland
i det språkrike Kaukasus der islam er den totalt dominerande religionen. Dei tel 400 000
menneske. Språket deira er darowa. Deler av NT er
omsett, og Jesusfilmen er også tilgjengeleg.
Historia deira er prega av ei endelaus rekke av okkupasjonar:
Dei har vore underlagt persarane, hunarane, tyrkarane, mongolane og det siste
hundreåret Russland. All denne undertrykkinga og brutaliteten har gjort både dei og andre folk i Kaukasus veldig krigerske.
Herre, må du gjesta dargwafolket i Russland. Lat rettferdssola gå opp over Kaukasusfjella og lækja folket åndeleg, sjeleleg og sosialt. Bryt islams åk som kviler så tungt over dei. Må himmelen koma nær til dei, di kyrkje bli etablert mellom dei og rikt utrusta som din lekam i Kaukasus.
Abonner på:
Innlegg (Atom)
Kong Haakon VIII
Kong Haakon VIII Herre Jesus Kristus! Du har all makt i himmel og på jord. Vår nye konge, kong Haakon VIII, er din tenar, din vasall, og m...
-
Over 100 hus gjekk opp i røyk og flammar i Krogstadelva i Drammen på fredag. 400 menneske vart heimlause. Ingen menneskeliv gjekk tapt. De...
-
Denne folkegruppa tel 469 000 menneske. Dei er muslimar, og snakkar ein sudanesisk versjon av arabisk. 0,02% er kristne. Bibelen er tilgje...
-
Sulawesi har over 110 folkegrupper. Dei fleste folka langs kysten er muslimar, og kristne er i fleirtal i nordaust og i dei sentrale høgla...


