mandag 18. mai 2026

Hasvik i Finnmark

 


Folketal: 990
Kommunesenter: Breivikbotn
Hasvik utgjer den vestlege del av Sørøya og den nordlege delen av Stjernøya, samt 90 andre mindre øyar. 
Næringsliv: Fiske og fiskeforedling. Reiseliv. Tenesteyting
Kyrkje og kristenliv: DNK har to kyrkjer og eitt kapell. Det er eit sterkt læstadiansk innslag i kyrkja i Hasvik. Den Frie Evangeliske Forsamling har ei forsamling i Breivikbotn. Elles er det lite informasjon å finna om den åndelege tilstanden i denne kommunen. 

Herre! Det me ikkje ser, det ser du. Her er det nesten tusen menneske som du elskar, og som du har døydd for. Må bodskapen om Guds nåde i Jesus Kristus nå dei, slik at dei kan gripa deg og tru på deg. Må Anden din begynna å råda over menneska der, og vekka i dei ein djup torst etter Gud. Ver med dei som er på havet, og gje gode oppvekstvilkår for barn og unge i Hasvik. Amen



Ingen kommentarer:

Dagens unådde: Aghori i India

 Bilde av representantar frå aghori finn du ved å google dette folket. Det kan vera verd ein titt Aghorifolket tel 71000 menneske. Religion:...