lørdag 7. februar 2026

Kongehuset og politisk leiing i kneståande

 Dei siste dagars hendingar treng eg ikkje repetera her. Kongehuset er i store vanskar med kronprinesse Mette Marit sin omfattande kontakt med seksuallovbrytaren Jeffery Epstein, sonen hennar Marius er i fengsel og må dagleg møta i retten tiltalt for grove brotsverk og dessutan har kronprinsessa ein alvorleg lungesjukdom. Når det gjeld utanrikstenesta er tidlegare statsminister og president i Europarådet tiltalt for grov korrupsjon, og det vil koma meir. Ektepareet Mona Juul og Terje Rød Larsen sit m.a. djupt i klisteret, alle AP-folk. 

Gode Gud, vårt Noregs Gud! Me ropar til deg. Toppane våre sviktar. Synda synest å ha fått overtaket i liva deira. Lenge har dei løfta opp som prisverdig det som du dømmer. Ja, dei har etablert løgner i lovverket, og slik held dei  sanninga nede i urett. 8.oktober 2023 vart kongen nekta å kondolera Israel for tapet av 1200+ medborgarar,  og i ettertid har dei fordømt landet for å forsvara seg mot terror, og heilt utan grunn har dei skulda det for folkemord. Med sorg har me også vore vitne til at framande religionar med tilhøyrande åndskabinett har kome inn i kongefamilien, okkultisme, spiritisme og buddhisme. Du har vore vitne til at dei har forlate deg, du vår faste borg og kjelde til alt godt, og  dei er blitt åndeleg blinde, og gjer skammelege ting. Me ropar til deg om at kongehuset og vårt politiske leiarskap skal venda om frå avgudsdyrking, ateisme, uørlegdom, ureinskap og hovmot, og at dei skal ta imot frelse frå di hand som ei gåve. Attreis harmoni i kongehuset, moral , klarsyn og sann autoritet i politisk leiing Høyr vår bøn i kong Jesu navn, Amen!


Kongehuset og politisk leiing i kneståande

 Dei siste dagars hendingar treng eg ikkje repetera her. Kongehuset er i store vanskar med kronprinesse Mette Marit sin omfattande kontakt m...